Samara oblast
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Hovudstad | Samara | ||||
Areal - Totalt |
Rangering: 53. 53 600 km² |
||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 12. ca. 3 178 000 (2006) |
||||
Føderalt distrikt | Privolzjskij (Volga) | ||||
Økonomisk region | Povolzjyje | ||||
Regionsnummer | 63 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Guvernør | Vladimir Vladimirovitsj Artjakov | ||||
Nasjonalsong | Samara oblasts hymne | ||||
Tidssone | UTC +0400 |
Samara oblast, (russisk Самарская область) er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Samara, arealet er 53 600 km² og innbyggjartalet er 3 178 000 (2007). Frå 1936 til 1990 heitte provisen Kujbysjev oblast etter bolsjevikleiaren Valerian Kujbysjev (1888-1935).
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Samara oblast ligg søraust på den aust-europeiske sletta, ved det midtre løpet til elva Volga, der Volga gjer ein krapp sving mot sørvest. Det austlegaste punktet til Volga er ved byen Samara. Vest for Volga ligg høgdedrag, gjennomskorne av dalar. Aust for Volga er det eit åslandskap, som hevar seg til 300 meter over havet. Volga renn gjennom Samara oblast i om lag 300 kilometer. Andre elver er Samara, Kinel og Sok. 12 % av provinsen er skogkledd. Den sørlege delen er for det meste oppdyrka steppe. Middeltemperaturen i januar er - 13 grader celsius, i juli 21 grader celsius.
[endre] Økonomi
Det vert driven produksjon av både olje og gass her. Bilfabrikken AvtoVAZ (АвтоВАЗ) som produserer bilmerket Lada held til i byen Toljatti. Frå 1984 til 2004 produserte dei ein modell med navnet Lada Samara.
[endre] Demografi
Folketalet i Saratov oblast er svakt synkande. Frå 2002 til 2007 har det gått ned 1,9 %, frå 3 239 737 til 3 178 000. Dei største byane er Samara (1 139 000 ib.), Toljatti (Togliatti) (705 300), Syzran (179 800) og Novokujbysjevsk (111 500). Fleirtalet av folket er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2002 var den etniske fordelinga:
- Russarar: 83,6 %
- Tatarar: 3,9 %
- Tsjuvasjar: 3,1 %
- Mordvinarar: 2,7 %
- Ukrainarar: 1,9 %
[endre] Historie
Før 1200-talet budde tyrkiske stammefolk i området. På 1200-talet kom det under mongolsk herredøme. Då det mongolske verdsriket vart delt opp, kom området som i dag er Saratov oblast under Kazan-khanatet på 1400-talet. I 1552 vart dette erobra av Russland, og provinsen vart det søraustlege grenselandet til Russland. Byen Samara vart grunnlagd som festning i 1586. Han fekk bystatus i 1688, og vart senter for ein eigen provins i 1851.
Under den russiske revolusjonen fekk bolsjevikane kontroll i Samara i oktober 1917, men i juni 1918 tok kontrarevolusjonære og tsjekkoslovakiske troppar området. I oktober 1918 gjenoppretta bolsjevikane kontroll. Dagens Saratov oblast vart oppretta 14. mai 1928 under navnet Srednevolzjskaja (Midt-Volga). I 1936 vart navnet endra til Kujbysjevskaja oblast, samstundes som byen Samara endra navn til Kujbysjev etter ein bolsjevikleiar. Etter oppløysinga av Sovjetunionen fekk byen igjen sitt gamle navn, og provinsen fekk navn etter den.
Under den andre verdskrigen vart provinsen eit viktig industrielt senter for Sovjetunionen. Industri vart evakuert hit frå dei vestlege delane av landet. Frå 1941 til 1943 heldt utanlandske ambassadar til i Kujbysjev etter å ha evakuert frå Moskva. Det fans òg planar om å flytta hovudstaden til Kujbysjev i tilfelle Moskva skulle falla til tyskarane.
[endre] Eksterne kjelder
- Samara oblast sine nettsider på russisk.
- Artikkel frå NUPI på engelsk.
- Artikkel frå Kommersant på engelsk
|