Kaliningrad oblast
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Hovudstad | Kaliningrad | ||||
Areal - Totalt |
Rangering: 80. 15 100 km² |
||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 57. ca. 968 200 (2004) |
||||
Føderalt distrikt | Nordvestlige | ||||
Økonomisk region | Nordvest | ||||
Regionsnummer | 39 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Guvernør | Georgij Valentinovitsj Boos | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +0200 |
Kaliningrad oblast (russisk: Kaliningradskaja oblast) er ei føderal eining i den russiske føderasjonen. Det administrative distriktet (oblastet) omfattar dei nordlege delane av den gamle provinsen Austpreussen i Tyskland. Området går frå Austersjøen opp til Litauen, og vart okkupert av Sovjetunionen etter Andre verdskrig. Hovudbyen i oblastet har namnet Kaliningrad. I 1946 vart byen omdøypt frå Königsberg, og oppkalla etter sovjetleiaren Mikhail Kalinin. Kaliningrad oblast er ein enklave utan samband over land til det eigentlege Russland, og er frå 2004 omgjeve av EU-landa Polen og Litauen.
Ved vala til oblast-parlamentet 13. mars 2006 vart Sameint Russland det klart største partiet. Heile 16,5 % av veljarane røysta "mot alle", som tilsvarar å røysta blankt.
[endre] Kjende personar frå Kaliningrad Oblast
- Aleksej Leonov, kosmonaut
- Viktor Patsajev, kosmonaut
- Ljudmila Putina, kona til president Vladimir Putin
[endre] Lenkjer ut
|