Sirdal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1046 |
Fylke: | Vest-Agder |
Administrasjonssenter: | Tonstad |
Flatevidd: | 1547 km² |
Folketal: | 1 757 (2008) |
Politikk | |
Ordførar (2007): | Thor Jørgen Tjørhom (Sp) |
Målform: | Nøytral |
Nettstad: | www.sirdal.kommune.no |
Sirdal er ein kommune heilt nord i Vest-Agder fylke. Sirdal er ein innlandskommune, som grensar til Aust-Agder fylke i nordaust og Rogaland fylke i vest. I sør grensar kommunen opp mot Flekkefjord, og i aust mot Kvinesdal. Sirdal er den største kommunen i Vest-Agder i flatevidd.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Sirdal kommune vart opphavleg oppretta i 1849 ved utskiljing frå Bakke formannskapsdistrikt. I 1905 vart kommunen delt i Tonstad kommune og Øvre Sirdal kommune. I 1960 vart Øvre Sirdal kommune, Tonstad kommune og Haughomgrenda slegne saman til Sirdal kommune. Namnet Sirdal kjem av elva Sira som renn gjennom dalen.
[endre] Næringsliv
Sirdal er ein kommune med mykje fjellterreng og store vasskraftressursar. Sira-Kvina kraftselskap har hovudkontor og driftssentral på Tonstad. Tradisjonelt har gardbrukarar frå Jæren kome med sauene sine til Sirdal for å ha dei på sommarbeite. Etter kvart har Sirdal utvikla ei sterk næring retta inn mot turisme. Mange har hytte i kommunen, og det er gode skitilhøve om vinteren. Om sommaren er det mange som går tur i Ryfylkeheiane og Setesdalsheiane.
[endre] Avis
Avisa Sirdølen er lokalavis for Sirdal og dalstroka innafor. Ein sirdøl er ein som bur i Sirdal eller som kjem derifrå.
[endre] På verdsveven
- Kommunefakta Vest-Agder frå Statistisk Sentralbyrå
- Sira-Kvina kraftselskap
- Sirdalsferie
- Sirdal Fjellmuseum
- Sirdal Høyfjellshotell
|