Hytte
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei hytte (frå lågtysk, 'lite/fattigsleg hus') er ein bygning som ofte vert brukt som ein ferieheim.
Hytter vert ofte bygd i område der det ikkje bur så mange eller i område med spesielt fin natur. I Noreg finn ein mange hytter på fjellet og ved kysten. I seinare tid har ordet vorte nytta om store fritidsbustadar på fjellet, sjølv om desse ikkje passar inn i den eigentlege definisjonen på hytte.
Mange andre språk har ikkje tilsvarande ord, men brukar i steden same ord om små hus generelt, anten dei er fast busette eller vert nytta som fritidsbustadar; det gjeld til dømes engelsk cottage. På russisk har dei ordet datsja (дача).