See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Flekkefjord - Wikipedia

Flekkefjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Flekkefjord
Våpen Kart
Våpen Kart
Grunnleggjande opplysningar
Kommunenr: 1004
Fylke: Vest-Agder
Administrasjonssenter: Flekkefjord
Flatevidd: 539 km²
Folketal: 8 910 (2008)
Politikk
Ordførar (2007): Reidar Gausdal (V)
Målform: Bokmål
Nettstad: www.flekkefjord.kommune.no

Flekkefjord er ein bykommune heilt vest i Vest-Agder fylke. Flekkefjord er ein kystkommune som grensar til Sokndal og Lund i Rogaland fylke i vest, til Sirdal i nord og til Kvinesdal og Farsund i aust.

Flekkefjord er den av bykommunane langs Sørlandskysten som ligg lengst vest. Kommunesenteret ligger nært E39, om lag midt mellom Kristiansand og Stavanger. I tillegg til bysenteret omfattar Flekkefjord kommune òg tettstadane óg bygdene Sira, Gyland, Rasvåg og Kirkehavn.

Flekkefjord kommune er resultatet av kommunesammenslåing i 1965. I tillegg til Flekkefjord inkluderer kommunen dei tidlegare kommunane Nes, Hidra, Gyland og Bakke.

Innhaldsliste

[endre] Historie

I Flekkefjord er det er nesten 4 sjømil frå indre fjord til ope hav. Indre fjordbasseng er stort nok til å romme mange skip og båtar for anker og er fritt for sterk vind eller straum. I seglskutetida var det mange skip som låg der i vinteropplag. Då hollendarane begynte å fylle ut sine havneområde med stein, kom dei til Noreg for å hente han. Flekkefjord hadde rikeleg av den vara. Ein bydel har fått namn etter dette: Hollenderbyen. Mange ungguttar frå distriktet tok hyre med desse båtane.

Byen fekk kjøpstadrettar i 1842 etter langvarig drakamp med mellom anna Kristiansand. Med kjøpstadretten følgde nemleg ymse einerettar som gav gode inntekter.

Byen har hatt opptil 5 tønnefabrikker, den siste blei nedlagt i 1960-åra. I periodar var produksjonen stor - silda kom inn fjorden og tønnene trengtest rett utafor stovedøra. Det var eit tilsvarande tal garveri, basert på at skip frå byen drog ut for å hente eikebark (quebracho) som blei brukt som garvemiddel. Dei siste var Dalens Garveri (sålelær) og Årnes Garveri (skinn til mellom anna ranslar og damevesker). Årens Graveri er framleis i drift. Ein stor del av brannbilane som er i bruk i Noreg i dag blei tidlegare bygd opp i dei gamle tønnefabrikklokala, men produksjonen er no flytt til moderne lokale i Nulandsvika.

Flekkefjord kom tidleg i gong med skulevesen - både vidaregåande, fagskule og husmorskule. I tillegg kom privat gymnas, der mellom anna forfattaren Jens Bjørneboe gjekk ein periode før krigen. Etter krigen vart skulen overteken av Morten Ringard som dreiv realskule der. Skulen hadde ikkje eksamensrett, så elevene blei eksaminert i alle fag før dei fekk papir som slapp dei vidare. Dei fleste klarte det på to år. Mange elever frå heile landet fekk ein ny sjanse der.

[endre] Kultur

Avisa Agder er for tida einaste avis i Flekkefjordsområdet. Tidlegare hadde avisa konkurranse frå Flekkefjordsposten.

[endre] Kjende flekkefjæringar

  • Sigbjørn Hølmebakk (1922–1981), forfattar
  • Sverre Anker Ousdal (f. 1944), skodespelar
  • Eirik Verås Larsen (f. 1976) kajakkpadlar
  • Tatjana Lars Kristian Guldbrandsen, kunstnar
  • Gunvald Tomstad, krigshelt
  • Peter Waage, (1833 - 1900), kjemikar

[endre] På verdsveven


Vest-Agder
Audnedal | Farsund | Flekkefjord | Hægebostad | Kristiansand | Kvinesdal | Lindesnes | Lyngdal | Mandal | Marnardal | Sirdal | Songdalen | Søgne | Vennesla | Åseral


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -