See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Sanskrit - Wikipedia

Sanskrit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sanskrit
(संस्कृतम् saṃskṛtam)
Klassifisering: Indoeuropeisk
 indoiransk
  indoarisk
   sanskrit
Bruk
Tala i: Asia
Område: India og ein del andre stader i Sør-Asia og Søraust-Asia
Sanskrittalande i alt: 6.100 (folketeljing 1981)
Rangering: Ikkje topp 100
Skriftsystem: Fleire, i dag hovudsakleg devanagari
Offisiell status
Offisielt språk i: India
Normert av: -
Språkkodar
ISO 639-1: sa
ISO 639-2: san
ISO 639-3: san

Sanskrit er eit gammalt indoeuropeisk språk som blir brukt innan religiøs hinduistisk samanheng. Det blir i dag mest brukt i bøner, men ein har òg skrive religiøse og filosofiske tekstar og store litterære verk på språket.

Sanskrit har alltid vore eit ynda forskingsspråk for språkvitarar, både indiske og vestlege. Det inneheld mellom anna ei rekke ord som likner på moderne ord i andre indoeuropeiske språk. Sanskrit er òg eit kasusspråk som kan minna om gammalgresk og latin.

Samanlikning av ord frå ulike språk
Sanskrit Latin Norsk
ajras ager åker
ad- edō et (å eta)
bhratr frater bror
duhitr filia dotter
sono filius son
dva duo to el. tvo
dan den- tann


Tidlegare trudde ein at språket var det eldste ein kjende til innan den indoeuropeiske språkfamilien, men ein har sidan funne ut at hittitisk er eldre. Sanskrit er likevel det eldste indoeuropeiske språket me har ein utfyllande litteratur for, og er truleg òg det eldste som fortsatt er i bruk.

[endre] Opphav og utvikling

Manuskript på sanskrit skrive med bhudjimolskrift i Bihar eller Nepal på 1000-talet.
Manuskript på sanskrit skrive med bhudjimolskrift i Bihar eller Nepal1000-talet.

Sanskrit stammar frå vedisk, språket til det vediske folket, som kom til India nokre tusen år f.Kr. Språket slik det eksisterer i dag har alltid vore eit språk for dei lærde. Det blei skildra av grammatikaren Panini i 300 f.Kr. under namnet samskrta bhásja, som tyder kultivert språk. Han skilde med dette språket han skildra frå folkespråka, som han kalla prakrita bhásja, eller naturleg laga språk. Seinare blei samskrta kjend som sanskrit og blei til namnet på språket. Prakrit blei omgrepet ein brukte om folkespråk som seinare utvikla seg til moderne indiske språk, som hindi, panjabi og godjarati.

Språket er blitt noko påverka av talespråka, men har òg sjølv påverka dei. Ein vil finna lånord frå sanskrit i dei fleste indiske språka, også dei dravidiske, som ikkje er i slekt med det. Også ikkje-indiske språk, som thai og tagalog, inneheld lånord frå sanskrit grunna kontakt med hinduar i tidlegare tider.

I nyare tid er det òg teke inn mange sanskritord i offisiell hindi, for å reinska ut påverking frå urdu, og markera eit skilje til dette elles så like grannespråket.

[endre] Skrift

Joh. 3:16 på sanskrit med granthaskrift
Joh. 3:16 på sanskrit med granthaskrift

I dag skriv ein helst sanskrit med devanagariskrift, men denne bruken tok først til på 1100-talet og blei ikkje standard før på 1700-talet. Før dette hadde ein gjerne brukt nagari, ei tidleg form av devanagari, sarada og modi.

Kjerneområde for særskilde språk brukte sine eigne skriftspråk, til dømes bengali i aust og kannada i sør. Tamilske brukarar av sanskrit utvikla granthaskrifta frå det tamilske alfabetet.



aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -