See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Regionen Limousin - Wikipedia

Regionen Limousin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Limousin
Våpenskjoldet til Limousin
Fakta
Hovudstad Limoges
Regionspresident Jean-Paul Denanot
Flatevidd 16 942 km²
Folketal 725 000 (2006)
Rangering 22
Folketettleik 43 innb./km²
Arrondissement 8
Kantonar 106
Kommunar 747
Geografi
Plassering av Limousin i Frankrike

Departement
Corrèze   Creuse
Haute-Vienne

Limousin (oksitansk: Lemosin) er ein av regionane i Frankrike. Regionen har berre like under 750 000 innbyggjarar, noko som er av dei minst folkesette regionane i Frankrike. Det er færre innbyggjarar i Limousin enn i byen Marseille. Limousin vert ofte brukt som døme på kvifor franske regionar er for små og bør slåast saman.

Limousin er i hovudsak eit jordbruksområde, og er kjend for ha noko av det beste slaktekveget i verda. I tillegg til kveget er tømmer ei av hovudnæringane i regionen. Regionshovudstaden Limoges er verdskjend for porselenet som vert laga her, og er ein leiande aktør innan elektrisk utstyr (som tidlegare nytta porselen som isolator). Fabrikkane har derimot vorte færre.

[endre] Geografi og klima

Nesten heile Limousin er høgland. Dei lågaste områda ligg i nordvest (om lag 250 meter over havet) og det høgaste i søraust (om lag 1000 m over havet). Den største delen av regionen ligg over 350 meter. Det er fleire viktige elvar i Limousin, som Dordogne, Vienne, Creuse og Cher. Regionen er kjend for sin gode vasskvalitet og for tilbod om fiske av første klasse.

Sjølv om temperaturen om sommaren ofte stig over 32 ºC, og til og med har nådd 42 ºC, har Limousin eit fuktigare og mildare klima enn naboregionane. Vinteren er ofte lang og kald, særleg i høgareliggande område, og snø er ganske vanleg.

Området rundt Brive-la-Gaillarde i Corrèze har meir enn 2000 soltimar i året, det same som den sørlege byen Toulouse.

[endre] Byar

[endre] På verdsveven

Koordinatar: 45°41′N 1°37′E

Franske regionar
Alsace | Aquitaine | Auvergne | Bourgogne | Bretagne | Centre | Champagne-Ardenne | Corse | Franche-Comté | Île-de-France | Languedoc-Roussillon | Limousin | Lorraine | Midi-Pyrénées | Nord-Pas-de-Calais | Basse-Normandie | Haute-Normandie | Pays de la Loire | Picardie |
Poitou-Charentes | Provence-Alpes-Côte d'Azur| Rhône-Alpes


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -