Elva Creuse
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Creuse | ||
|
||
Utspring | Plateau de Millevaches | |
- Høgd | 932 m | |
Munning | Vienne | |
Land i nedslagsfelt | Frankrike | |
Lengd | 255 km | |
Middelvassføring | 81 m³/s | |
Nedslagsfelt | 9 570 km² |
Creuse er ei 255 km lang elv vest i Frankrike og ei av sideelvane til Vienne. Ho har sitt utspring i Plateau de Millevaches, ei nordvestleg forlenging av Massif Central. Ho renn nordvestover gjennom følgjande departement og byar:
- Creuse (kalla opp etter elva): Aubusson
- Indre: Argenton-sur-Creuse, Le Blanc
- Indre-et-Loire
- Vienne: La Roche-Posay
Creuse munnar ut i Vienne om lag 20 km nord for Châtellerault. Ei av sideelvane til Creuse er Gartempe.