Haute-Normandie
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haute-Normandie | |
Fakta | |
Hovudstad | Rouen |
Regionspresident | Alain Le Vern |
Flatevidd | 129 318 km² |
Folketal | 1 811 000 (2006 (est.)) Rangering 13 |
Folketettleik | 147 innb./km² |
Arrondissement | 6 |
Kantonar | 112 |
Kommunar | 1 420 |
Geografi | |
Haute-Normandie (fransk for 'Øvre-Normandie') er ein region heilt nord i Frankrike som inneheld departementa Eure og Seine-Maritime. Regionen vart oppretta i 1956, då Normandie vart delt i Haute- og Basse-Normandie. I tillegg til Basse-Normandie i vest grensar han til Centre i sør, Picardie i aust og Den engelske kanalen i nord.
Rouen er hovudstad eller administrativt senter i regionen, og er ein historisk viktig stad med mange flotte kyrkjer og byningar, inkludert den høgaste domkyrkja i Frankrike. Den største byen i regionen er derimot Le Havre.
[endre] Byar
- Dieppe
- Évreux
- Fécamp
- Le Grand-Quevilly
- Le Havre
- Le Petit-Quevilly
- Mont-Saint-Aignan
- Rouen
- Saint-Étienne-du-Rouvray
- Sotteville-lès-Rouen
- Vernon
Franske regionar | ||
Alsace | Aquitaine | Auvergne | Bourgogne | Bretagne | Centre | Champagne-Ardenne | Corse | Franche-Comté | Île-de-France | Languedoc-Roussillon | Limousin | Lorraine | Midi-Pyrénées | Nord-Pas-de-Calais | Basse-Normandie | Haute-Normandie | Pays de la Loire | Picardie | Poitou-Charentes | Provence-Alpes-Côte d'Azur| Rhône-Alpes |