Basse-Normandie
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Basse-Normandie | |
Fakta | |
Hovudstad | Caen |
Regionspresident | Philippe Duron |
Flatevidd | 17 589 km² |
Folketal | 1 449 000 (2006) Rangering 17 |
Folketettleik | 82 innb./km² |
Arrondissement | 11 |
Kantonar | 141 |
Kommunar | 1 812 |
Geografi | |
Basse-Normandie (Nedre Normandie) er ein region nordvest i Frankrike. Regionen vart oppretta i 1956 då regionen Normandie vart delt inn i Basse-Normandie og Haute-Normandie. Regionen inneheld dei tre departementa Calvados, Manche og Orne.
Dei store slettene i den vestlege delen av regionen vert stort sett brukt til jordbruk.
Økonomien i regionen er sterkt basert på jordbruk med buskap og meieridrift, tekstilar og fruktdyrking som dei store industriane. Jernmalm vart vunne ut nær Caen. Turisme er òg ein stor industri. Regionen har direkte ferjesamband til England (via hamna i Cherbourg og Caen Ouistreham) og strendene i Calvados er staden der dei allierte gjekk i land under D-dagen i juni 1944. Basse-Normandie vart hardt råka under den andre verdskrigen og mange av landsbyane og byane i regionen vart totalt øydelagd under Operasjon Overlord.
Område i Basse-Normandie er mellom anna Cotentin-halvøya og La Hague, Pays d'Auge og Bessin.
[endre] Byar
- Alençon
- Argentan
- Caen
- Cherbourg-Octeville
- Équeurdreville-Hainneville
- Flers
- Hérouville-Saint-Clair
- Lisieux
- Saint-Lô
- Tourlaville
[endre] På verdsveven
Franske regionar | ||
Alsace | Aquitaine | Auvergne | Bourgogne | Bretagne | Centre | Champagne-Ardenne | Corse | Franche-Comté | Île-de-France | Languedoc-Roussillon | Limousin | Lorraine | Midi-Pyrénées | Nord-Pas-de-Calais | Basse-Normandie | Haute-Normandie | Pays de la Loire | Picardie | Poitou-Charentes | Provence-Alpes-Côte d'Azur| Rhône-Alpes |