See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Nasjon - Wikipedia

Nasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det er vanleg å meine at alle menneske er oppdelte i grupper ein kan kalle nasjonar. Dei som tilhøyrer desse, skil seg frå andre ved ein felles identitet. Definisjonane av denne identiteten er svært vage: To menneske kan vere skilde av ulike personlegdomar, trussystem, geografisk stad, tid og jamvel talemål, og likevel sjå seg sjølve og bli sedde av andre som medlemmer av same nasjonen. Det blir ofte hevda at dei som tilhøyrer ein nasjon deler visse trekk og åtferdsnormer, visse plikter overfor og eit visst ansvar for handlingane til medlemmene i same nasjonen.

Termen blir ofte bruka synonymt med etnisk gruppe, men dei to termane er ikkje identiske, fordi etniske grupper har same etniske opphav, men er ikkje nødvendigvis underlagde dei same politiske institusjonane. I vanleg språkbruk ser vi nemleg ofte termane nasjon, land og stat bruka som nær-synonym, det vil seie for eit område under éi suveren regjering, eller innbyggjarane på eit slikt territorium, eller regjeringa sjølv, med andre ord, ein de jure eller de facto stat. Men i ei noko meir streng tyding er nasjon (ethnos) ei nemning for eit folk, i motsetning til eit land som tyder eit territorium, medan ein stat er ein legitimisert administrativ institusjon. Det er såleis forvirrande når termane nasjonal og internasjonal blir bruka som tekniske termar som gjeld statar.

[endre] Opphav

Konseptet om ein nasjon kan vi finne att langt tilbake i tidene, og den første kjende bruken av ordet er frå 900-talet. Termen kjem frå det latinske ordet natio og vart til dømes bruka ved universitetet i Paris i mellomalderen for å beskrive kollegaer og studentar som var fødde i det same landet og tala det same språket. Nasjonsideen fekk eit stort oppsving under den franske revolusjonen og vidare på 1800-talet, da den romantiske nasjonalismen utvikla seg og vart bruka i kampen mot den gamle ordenen av dynastiske herredømme.

Mange nasjonar har idag ein sjølvstendig stat, etter at framveksten av nasjonalismen på 1800-talet hevda retten til ein sjølvstendig stat for kvar nasjon. Denne nasjonalismen såg på nasjonalstaten som det ideelle statsdanninga, og stats- og nasjonsbyggjarar har framgjennom hundeåra freista hevda nasjonale standardar og kjenneteikn som sams flagg, nasjonalsong, stadardisert språk, religion og historieoppfatning gjennom nasjonsbyggjande institusjonar som skulen, kyrkja og hærstellet. Desse standardane skulle samla alt folket i den same nasjonen. Dette prosjektet har slege feil dei fleste stader. Endå idag har knapt noko land ein einskapleg folkesetnad som soknar til same nasjonen, utan Island kan henda. Og også idag finst det mange nasjonar utan eigen stat, slik som for eksempel kurdarane, og mange statar inneheld ingen klårt dominerande nasjon, som Belgia, Nigeria og India. Av politiske og historiske grunnar er det òg ei rad nasjonar som er kløyvde i to statar, so som rumenarane i Moldova og Romania, og koreanarane i Nord- og Sør-Korea. Til 1922 var også heile den irske nasjonen innanfor Det sameinte kongedømmet (UK). Sjølvstenderørsla oppnådde da ein uavhengig stat i sør, no Republikken Irland, medan Nord-Irland vart skilt ifrå og framleis er ein del av UK.

[endre] «Nasjon» i dag

Nasjonsideen er framleis noko vag, for det finst ikkje nokon streng definisjon for akkurat kven som kan sjåast som medlem av ein gitt nasjon. Mange moderne statar viser stor variasjon i kulturell åtferd og etniske bakgrunnar. England kan vere eit døme: Eit område som ikkje er ein stat, sidan det ikkje har eiga regjering, som har ei ganske stor innvandrarbefolkning og forskjellig kulturell åtferd, men engelskmennene blir likevel ofte omtala som ein nasjon.

Ein skil gjerne mellom to typar einingar, «statsnasjonar» og «nasjonalstatar». I statsnasjonane blir det utvikla ein felles identitet blant statsborgarane på grunn av medlemskapet i staten. I nasjonalstaten derimot er det staten som blir skipa av menneske med ein felles identitet.

Når moderne statar gir statsborgarskap og dermed nasjonalitet i denne meininga til innvandrarar, set styresmaktene somtid krav til språk- og kulturkunnskap, men overser no oftast etnisitet for å unngå rasisme og/eller skuldingar om det.

Grupper som på ein eller annan måte er kulturelt samanhengande (eller hevdar dei er det), blir òg somtid omtala som nasjonar, sjølv om dei ikkje deler eit territorium. Døme er «romani-nasjonen», og «den jødiske nasjonen» bruka om alle jødar rundt om i verda.

[endre] Sjå òg


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -