Mexico by
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mexico by (spansk: Ciudad de México) er hovudstaden og den største byen i Mexico. Tidlegare heitte byen Tenochtitlan. Byen ligg sentralt i Mexico, på eit platå som ligg 2 200 meter over havet. Byen er omgjeven av fleire vulkanar som rager opp til 5 500 meter over havet.
Eit kallenamn på Mexico by er la Ciudad de los Palacios, «byen med palassa».
Sjølve sentrum av byen tilhøyrer administrativt Distrito Federal (D.F). Forstasane til byen ligg i ti kommunar i den omliggande staten Estado de México. Det bur om lag 8,5 millionar menneske i Distrito Federal, men med forstader er innbyggjartalet nesten 18 millionar.
[endre] Historie
Mexico by vart grunnlagt av den spanske conquistadoren Hernán Cortés i 1521. Byen vart lagt på ruinane til aztekar-byen Tenochtitlan, som Cortés akkurat hadde øydelagt.
Byen fungerte som hovudsete for visekongedømet Mexico frå 1525 til 1810, då området var ein spansk koloni. Etter Mexico sitt sjølvstende har Mexico by fungert som hovudstad i landet Mexico.
Byen har i det 20. århundre hatt ein eksplosiv vekst i innbyggjartalet. I 1950 hadde Mexico by 3 millionar innbyggjarar. I år 2000 hadde byen 18 millionar innbyggjarar, og veksten i innbyggjartalet har no flata ut.
Mexico by var vertsby for dei 19. olympiske sommerleikane i oktober 1968.