See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Løve - Wikipedia

Løve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Løve
Løve
Foto: Miroslav Duchacek
Systematikk
Klasse: Mammalia
Orden: Carnivora
Familie: Felidae
Slekt: Panthera
Vitskapleg namn
Panthera leo
L., 1758

Løva er eit stort rovdyr som lever på savannar, stepper og ørknar i Afrika og i eit reservat i nordvestlege India. Ho skil seg ut som det nest største av kattedyra (etter tigeren), og som det einaste sosiale. Ho høyrer med mellom dei mest brukte dyra i symbolikk og folklore, og opptrer mellom anna i det norske riksvåpenet.

Innhaldsliste

[endre] Skildring

Løver veger som regel mellom 120 og 250 kg, og har ei kroppslengde på opptil 2,5 m. Hannen er 20-50% større enn hoa. Fargen varierer frå lyst gulbrun til svart, alt etter kvar dyra lever; vanlegvis er dei lysast i ørkenstrok. Løva kan verta opp til 25 år i fangenskap. Det fins ei kryssing mellom løve og tiger, liger.

[endre] Utbreiing

Løva finst hovudsakeleg på i det sentrale og sørlege aust-Afrika, men isolerte populasjonar førekjem òg i Sahara og nord i India. Tidlegare fanst dei over eit mykje større område, m.a. heilt nord til HellasAristoteles' tid; men menneskeleg jakt og konkurranse har utrydja dei mange stadar. M.a tærte romarane mykje på bestanden i si tid.

[endre] Åtferd

Løva er det einaste sosiale kattedyret, og organiserer seg i flokkar på opp til 20-30 dyr. Kjerna i flokken består oftast av 4-12 løvinner i nær slekt, oftast kusiner og søstrer. Øvst på rangstigen i flokken ligg leiarhannen, som sjeldan er i slekt med løvinnene og vanlegvis har kome seg til makta i flokken ved å drepa den tidlegare leiaren. Stundom vert flokkar leidd av fleire hannar, det er då vanlegvis snakk om brødrepar. Alle ungar i flokken er avkom av leiarhannen/leiarhannane og holøvene, framande born eller born av tidlegare leiarar vert som regel drepne.

Løvene jaktar i flokk, og det er løvinnene som har hovudansvaret. I rike område, som t.d. Serengeti, bidreg ikkje hannen i det heile teke, medan det m.a. i Namibiaørkenen er tilnærma likestilling på dette området på grunn av den knappe tilgongen på bytte. Berre ein av ti jaktar ender med at løvene nedleggjer eit dyr.

Rangordninga i flokken avgjer kva rekkjefølge individa i flokken inntek måltidet. Leiaren et først, etterfulgd av eldre løvinner, før born og unge får krangla om restane. Dette viset gjer at mange døyr før dei rekk å bli kjønnsmogne, og fører til at berre dei sterkaste og mest hardføre løveungane overlever.

[endre] Status som art

Løvebestanden har falle dramatisk over lengre tid. I Sentralafrika lever det per i dag mellom 16000 og 30000 dyr, mot 100 000 tidleg i 1990-åra. Utrekningar visar imidlertid at populasjonen er i vokster att, grunna auka barnekull. Situasjonen for den asiatiske løva er verre; den einaste populasjonen tel ikkje stort fleire enn 300 individ.

[endre] Løva i kultur og symbolikk

Løva symboliserer mot og styrke, og er eit vanleg dyr både i kunsten og heraldikken. Noreg høyrer til mellom dei mange landa som har ho i riksvåpenet sitt, saman med m.a. Danmark, Storbritannia, Skottland og India.

[endre] Kjelder

Verdens dyr, Cappelen 1985


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -