See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Kvekarane - Wikipedia

Kvekarane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvekarane, eller Venesamfunnet, er eit kristent kyrkjesamfunn, grunnlagt i England midt på 1600-talet. Kyrkjesamfunnet er kjenneteikna av trua på at sjela har umiddelbar kontakt med Gud (det indre lys); det er antiautoritært og prega av nøysemd og fredsæle. Namnet kvekar har samanheng med ordet ’’quake’’, ’’skjelve’’, og var opphaveleg eit utnamn, kanskje gitt fordi nokre medlemmer under møta vart så gripne at dei skolv.

Innhaldsliste

[endre] George Fox

George Fox er rekna som ein grunnleggjar av Venesamfunnet
George Fox er rekna som ein grunnleggjar av Venesamfunnet
Kvekaren William Penn grunnla Pennsylvania
Kvekaren William Penn grunnla Pennsylvania

George Fox, som vart fødd i England i 1624, reknast som grunnleggar av kvekarrørsla. Han levde i ei tid prega av etterdønningane av reformasjonen , då mange kristne tenkarar søkte å finne att til ei kristentru prega av den opphavlege kristendommen frå aposteltida. Sjølv var Fox ikkje skolert, men han kunne Bibelen, og han kjente at han var leia av Den heilage anden til å bli ein religiøs reformator. Han meinte alle menneske hadde noko av Gud i seg, eit indre lys som kunne leie menneska gjennom livet.

Fox var strengt puritansk og tok avstand frå alt verdsleg. Han ville ikkje bruke dei heidenske namna på vekedagar og månader. Fox var òg skarpt kritisk til den organiserte kyrkja. Han kritiserte prestane for å teoretisere kristendommen. Han ville ikkje ta av seg hatten for dei, han ville ikkje synge salmar med ord han ikkje sjølv hadde røynd sanninga i. Han kunne motseie presten i kyrkja. Forkynninga hans vart oppfatta som spotting av Gud, og han vart arrestert ei rekkje gonger.

I 1667 slutta William Penn seg til kvekarane, og i Amerika grunnla han ein koloni med religiøs fridom, i det seinare Pennsylvania. Hit reiste mange av tilhengjarne som vart forfølgde i Europa.

Kvekarane sitt puritanske levesett, kombinert med ideen om at noko av Gud er nedlagd i eitkvart menneske, førde med seg eit sterkt sosialt engasjement. Mellom anna gjorde kvekarane mykje godt for dei som satt fengsla. Under napoleonskrigane vart mange norske sjømenn sett i prison i England. Her kom dei i kontakt med kvekarar som arbeidde blant fangane, og slik kom kvekarlæra til Noreg. Her vart dei første venesamfunna organisert i 1818.

[endre] Kvekarane sin kristendom

Kvekarane trur på Gud som skapar og på hans kjærleik. Dei trur at Gud kom til jorda som Jesus Kristus, for at han skulle leie menneska tilbake til Gud. Og dei trur på Den heilage anden som leier og opplyser menneskesjela. Andens tempel er i menneska.

Kverkarane har ikkje prestar. På møtet, eller kvekarandakten, kan kven som helst reise seg å tale, om han kjenner at Anden leier han til det. Målet er at ei gruppe menneske gjennom andakten i fellesskap skal byggje opp ein heilskap, der kvar bidrar med sitt. Om ingen kjenner kall frå Anden til å tale, kan det vere heilt stilt på møtet. Om det er heilt stilt, vil dei som er på møtet ha betre høve til å kjenne etter Anden i sitt eige indre.

Kvekarane har heller inga andre faste ritual eller sakrament, dei har ikkje dåp eller nattverd. Livet skal vere heilt, ikkje delt i ein religiøs og ein verdsleg sfære. Læra om det guddommelege i eitkvart menneske gjer det utelukka for ein kvekar å delta i krigsteneste, og denne læra er ein spore til eit sterkt sosialt engasjement.

[endre] Organisasjon i kvekarkyrkja

Venesamfunnet er laust organisert. Om lag 150 menneske er registrert som medlemmer i Noreg, om lag 100 i Sverige. I verda elles er talet anslått til om lag 300 000 som i 1994 fordelte seg slik etter tysk Wikipedia som oppgir kjelda: "Religion ohne Dogma", Religiöse Gesellschaft der Freunde, 1995 [ISBN 3-929696-13-4]):

Land Medlemmer
Kenya 105.000
USA 103.000
Bolivia 25.000
Storbritannia 18.000
Guatemala 16.500
Burundi 7.500
Peru 5.000
Tanzania 4.500
Taiwan 3.200
Irland 1.600
Australia 1.100
Kanada 1.100
India 900
Tyskland og Austerrike 270

Utanom andaktsmøta kan kvekarane samlast i forretningsmøte. Lokalt kan dei samlast ein gong i månaden, i eit større område til eit årsmøte. Månadsmøtet er grunneininga som tek opp nye medlemmer og som peiker ut leiarar, helst kalt skrivarar. Er det usemje om ei sak, meiner kvekarane at mindretalet kan ha like rett som fleirtalet. Derfor vil dei gjennomdiskutere alle saker til vedtak kan skje samrøystes, ved konsensus.

Internasjonalt kan fleire årsmøte kan gå saman i femårsmøte som dannar ei overbygging. Sidan organisasjonen på denne måten er bygd opp nedanifrå, er kvekarsamfunnet internasjonalt kløyvd i meir ortodokse og meir liberale retningar.

Årsmøtet har formulert 40 råd og spørsmål som ikkje er pålagt som nokon fast regel, men som ein hjelp til å bli i Guds lys. Disse er endra fleire gonger sidan dei først vart utforma på 1600-talet, og seier mykje om kvekarlæra. [1]

I 1947 mottok Vennesamfunnet Nobels fredspris for arbeidet dei hadde gjort gjennom sine internasjonale hjelpeorganisasjoner.

[endre] Kvekarane i dag

I dag er det ikkje spesielle måtar å kle seg på eller spesielle måtar å bruke språket på som kjenneteiknar kvekarane. Dei er enno puritanske i den forstand at dei gjerne arbeider for fråhald, for miljøvern og for jamn fordeling av samfunnsgoda. Men dei er sanningssøkande, og vil ikkje at tillærte normer skal stå i vegen når menneske gjennom vitskapleg arbeid søker etter ny kunnskap.

[endre] Kjelder

  • Norsk offisiell heimeside
  • J.W. Harvey Teobald: Kvekerlære (u.å.; utg. av Vennernes samfund, Stavanger)
  • Rufus M. Jones 1947: Kvekernes tro og virke
  • Hans Eirik Aarek 1968: Finnes det en kvekermåte å leve på?


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -