See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Kurland - Wikipedia

Kurland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hertugdømet Kurland, 1740.
Hertugdømet Kurland, 1740.
Inngangen til hertugane av Kurland sitt palass
Inngangen til hertugane av Kurland sitt palass

Kurland (latvisk Kurzeme; litauisk Kuršas; estisk Kuramaa; polsk Kurlandia; russisk Курляндия, Kurljandija) er eit av dei fire historiske landskapa i Latvia. Det ligg sørvest for Rigabukta, og er kalla opp etter det baltiske folket kurane. Det strekte seg i mellomalderen heilt ned til dagens nordvestre del av Kaliningrad (Königsberg) og omfatta heile det noverande litauiske kystområdet.

Kurland høyrte under den Den tyske riddarordenen i staten Livland (om lag 12001560). Kurland var eit hertugdøme som var ein del av Den polsk-litauiske realunionen frå 1560 til 1795 og hadde på 1600-talet koloniarTobago og i Gambia. For å tene skipa i kolonitrafikken gjekk hertug Jekabs (16101682) inn i ein leigeavtale om bruk av Flekkerøy utanfor Kristiansand. I 1664 sikra hertugen gjennom ein avtale med Fredrik III av Danmark-Norge rettane for for Kurland til å utvinne sølv, bly, kopar og jern med særs gunstige vilkår. Kurland etablerte gruver på Eidsvoll og Kongsberg, og i periodar var opptil 300 kurlendarar i arbeid i Noreg.

Etter delinga av Polen og Litauen i 1795 gjekk området over til Det russiske keisardømet (17951918).

I tillegg til latviarar og tyskarar budde det òg svenskar her, i nyare tid òg russarar. Den nordlegaste delen er tynt folkesett og er for det meste busett av livarar.

Grunneigarane og byborgarskapet, og dermed dei danna klassane, var i all hovudsak tyskspråklege, den tyske folkegruppa vart evakuert av styresmaktene til Posenområdet under den andre verdskrigen, og derfrå drive vidare bort av Stalin og polakkane.

[endre] Byar i Kurland

  • Liepaja (Libau)
  • Ventspils (Windau)
  • Grobina (Grobin)
  • Aižpute (Hasenpoth)
  • Kuldiga (Goldingen)
  • Saldus (Frauenburg)
  • Piltene (Pilten)
  • Tukums (Tuckum)
  • Talsi (Talsen)

[endre] Hertugar av Kurland

1562-1587 Gotthard Kettler
1587-1642 Friedrich Kettler
1587-1616 saman med Wilhelm Kettler (delt 1596-1616)
1642-1681 Jakob Kettler
1681-1698 Friedrich Kasimir Kettler
1698-1711 Friedrich Wilhelm Kettler
1711-1737 forskjellege rivaliserande regentar, m.a. den seinare russiske tsarina Anna
1737-1758 og 1758-1763 Ernst Johann von Biron
1763-1795 Peter von Biron

[endre] Kjelde


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -