Fredrik III av Danmark-Norge
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fredrik III | |
Valspråk: | Herren er mig forsyn. |
Fødedato: | 18. mars 1609 |
Fødestad: | Haderslevhus i Danmark |
Dødsdato: | 9. februar 1670 |
Dødsstad: | Slottet i København |
Gravstad: | Roskilde domkyrkje |
Ektefelle: | Elizabeth av Habsburg |
Born: |
Ulrik Frederik Gyldenløve, f. 1638
|
Fredrik III (18. mars 1609–9. februar 1670) var ein dansk-norsk konge av Oldenborgslekta. Han innførte den kongelege arveretten i Danmark-Norge, gjorde len om til amt, og var ein konge som var poulær blant folket, sjølv om han kunne slå hardt ned på dei som uttrykte misnøye med han.
Fredrik var den nest eldste sonen til Christian IV av Danmark og Dronning Anne Cathrine. Den eldre broren Christian døydde i 1647, og den nye tronfølgjaren Frederik arva trona etter far sin året etter. Frederik hadde gifta seg med den femtenårige prinsessa Sophie Amalie af Braunschweig-Lüneburg i 1643. Dei fekk åtte barn saman, fem jenter og tre gutar. Kongen og dronninga vitja Noreg i august 1648, der han blei formelt hylla og saluttert med 800 kanonskudd.
Innhaldsliste |
[endre] Innanrikspolitikk
Då Fredrik III skreiv under på handfestinga under kroninga i 1648, var dette den strengaste så langt i dansk historie, og ho utvida makta til Riksrådet. Dette passa visst den nye kongen bra, for han trekte seg tilbake og overlet det meste av styringa til Riksrådet og embetsmenna. Men då rådet på den eine sida og to stormenn, Hannibal Sehested og kongen sin svoger Corfitz Ulfeldt rauk saman i maktkamp, tok kongn rådet si side. Ulfeldt blei dømd til døden in absentia for landsforræderi, medan kona hans og søstera til kongen, Leonora Christina, sat fengsla i Blåtårn i 22 år som medskuldig.
[endre] Krig og avmakt
Utanrikspolitisk tok Fredrik opp att faren sin kamp om herredømet i Austersjøen. Han gjekk til krig mot Sverige i 1657, medan Karl X Gustav sin hær var oppteken i Polen og Brandenburg. Dessverre mangla han ein slagkraftig dansk hær og gode alliansar med andre land. Den svenske hæren på 6000 ryttarar og 2500 fotfolk marsjerte frå Polen til Jylland, der dei tok festningen Frederiksodde. Den danske marinen hindra dei i å kryssa Lillebælt i tre månader, men så kom dei svenske styrkene seg over isen til Fyn, og gjekk vidare over Storebælt etter nokre få dagar. Det danske forsvaret braut saman, og Fredrik III måtte kapitulera.
Ved Freden i Roskilde i februar 1658 avstod Danmark-Norge Skåne (med Bornholm), Halland, Blekinge, Bohus len og Trondhjem len til arvefienden. Trass i avtalen rykka Karl Gustav fram med hæren og beleira København. Kong Fredrik blei oppfordra til å flykta, men blei populær blant folket då han føretrakk å «dø i sin rede». Den beleirande hæren måtte til slutt gje opp, og etter at kong Karl døydde i 1660 blei det fred mellom landa igjen. Roskilde-avtalen tredde i kraft, med unntak av Trondhjem len, som kom tilbake til Noreg, og Bornholm, som var blitt uavhengig frå Sverige og no ville bli den danske kongen sin eigedom.
[endre] Auka kongemakt
På stendermøtet i 1660 brukte Fredrik populariteten sin, og usemja mellom adelen på ei side og dei geistlige og borgarlege på den andre, og fekk innført arverett på trona i staden for handfesting, og einevelde. Den nye Kongeloven omtalar kongen som «det ypperste og Højeste Hoved her på Jorden over alle menneskelige Love».
Fredrik var òg ein kulturell mann, som interesserte seg for kultur, teologi og vitskap i samtida. Han grunnla Det Kongelige Bibliotek, med bøker frå si eiga og fleire oppkjøpte boksamlingar, rundt 1648. Han etablerte òg eit kongeleg kunstkammer, med skattar samla inn frå riket, gitt i gåver frå andre fyrstar i Europa, og kjøpt inn i Sør-Europa.
I februar 1670 døydde Fredrik III av lungebetennelse. Han blei gravlagd i Roskilde domkyrkje.
Etterfylgde | Tittel | Etterfylgjar |
Kristian IV | Dansk konge 1648–1670 |
Kristian V |