Gotarar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tvilsame påstandar utan kjelder vil bli fjerna. |
Gotarane eller Gotane er nemninga på eit av dei største og fremste germanske folkeslaga i folkevandringstida. Dei hadde to hovuddelar: ostrogotane eller austgotarane, og visigotane eller vestgotarane. Mange andre kjende og ukjende folk var knytte til gotane, m.a. gjevdane eller gepidane.
Innhaldsliste |
[endre] Opphav
Historisk reknar ein med at gotarfolka kom frå landa kring Austersjøen, mest truleg landskapa Östergötland og Västergötland i Sverige, og øya Gotland. Dette området kalla Jordanes Gothiscandza. Frå søre Skandinavia drog dei opp etter elva Wisla i Polen, der dei er nemnde kring 150, og busette seg med tida på sletta nord omSvartehavet. Gepidane slog seg ned i Pannonia, Vestgotane i Dacia, og Austgotane i Skythia. Her oppretta dei tre kongedøme, og det austgotiske var langt på veg det største av dei.
Kring 238 herja gotarherane etter strendene av nedre Donau. Samstundes verva fleire av dei seg i den romerske heren og slost under keisar Gordianus III mot persarane. I 251 vann gotane ein avgjerande siger over romarane under kong Kniva, og keisar Decius fall. I åra etter gjorde dei ei lang rekkje strandhogg i dei greske og romerske områda på 200-talet, og brann mellom anna Efesos i 270. Det er rekna som sannsynleg at gotane endeleg skilde lag i ulike kongedøme noko før 300.
[endre] Austgotarkongedømet
Austgotane vart óg kalla Greutungar, og vart styrd av ei kongeætt som kalla seg Amalar. Tidleg på 300-talet vart austgotane kristna av Wulfila, og kom på betre talefot med keisaren i Konstantinopel. Kongedømet vara ved til om lag 375, då Hunarane kom og kasta det over ende. Dette sette i gang Folkevandringstida i aust, men austgotarane vart verande under hunnisk styre i mange år. Mange av dei gjekk inn i den hunniske heren, og dei fekk bu i Pannonia ei tid, til kong Attila døydde i 453. Etter dette samla dei seg og oppretta eit kongedøme i Italia, under kong Theoderik den store. Dette kongedømet vara ved til om lag 550, då den bysantinske keisaren knuste det.
[endre] Vestgotarkongedømet
Vestgotane, som kalla seg Terwingar, i Dacia, vart drivne vestpå, og kom som dei under hardt press i åra fram mot 400. Dei fekk ei tid lov til å halde seg i Illyria, mot å virke som landevern for romarane. Den fremste av hovdingane deira på denne tida var Alarik, som rekna seg som etterfølgjar av Frithigern, som hadde vunne på romarane i Slaget ved Adrianopel i 378. Då Alarik oppdaga at rettane hans som landeverje vart dregne attende av keisar Honorius, valte han å gå mot Roma, og plundra Roma i 410. Han døydde i søre Italia, og folket hans fór vidare til dei kom til Spania og oppretta eit rike der, som vara ved til det vart velta av Maurarane i 711. Etterkomarane av desse vestgotarane oppretta dei første kongedøma nord for dei mauriske områda, byrjinga på det moderne Spania.
[endre] Gepidane
Gepidarkongedømet vart oppretta i Pannonia etter at hunnarkongen Attila fall i 454, og vara til 552, då det vart velta av Langobardarane, som drap den siste kongen der.
[endre] Krimgotane
Etter dei fleste gotane fór av mot vest, vart sume att i aust og vart buande på Krimhalvøya. Det er uvisst om desse var av det gotiske hovudfolket eller av eitkvart germanske sambandsfolket. Desse gotane heldt språket sitt levande vissa til inn på 1500-talet, då dei vart oppdaga av ein nederlandsk kjøpmann, som skreiv ned noko av språket deira og laga ein grammatikk over det. Dette målet døydde venteleg ikkje ut før noko etter folkeflutnaden i 1783.
[endre] Arven etter gotane
Då Renessansen byrja i Italia på 1300-talet, vart Mellomalderen rekna frå 410 og Alariks plundring av Roma. Renessansehumanistane ønskte i mangt ei oppreising for Italia, og skulda gotarane for heile mellomalderen og den følgjande nedgangstida. Då det var franske og tyske herfolk i Italia på same tid, vart desse sett i spann med gotarane, og den franske mellomalderkulturen vart kalla "gotisk" av dei italienske humanistane. Slik oppstod nemninga "gotisk" kunst, med tanke på spissbogen i katedralane, slik det var vanleg i Frankrike på same tid.
Då romantikken kom, vart det ein auka interesse for mellomalderen i Europa, og nemninga "gotisk" følgde med. Mellomalder-romanar vart difor gjerne kalla "gotiske", og sidan dei hadde med seg ein dose skrekkromantikk, vart gotisk, eller Goth, snart ei nemning på eit serskild slag litteratur og biletkunst. Frå dette kom det seinare ein heil subkultur for vestleg ungdom.
[endre] Kjelder
Herwig Wolfram: The goths Jordanes: Gotesoga