See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Wikipedia:Kjelder - Wikipedia

Wikipedia:Kjelder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Wikipedia oppfordrer alle brukarar til å oppgje kjelder når dei skriv artiklar. Dette vil auka truverdet til artiklane for lesarar og andre skribentar, og gjera eventuelle faktakonflikter lettare å løysa.

Det kan verka rart å oppgje kjelder for sjølvsagte utsegner som at «Blått er ein farge» eller «Harald er konge av Noreg». På den andre sida er det ikkje sikkert at det som er sjølvsagt og velkjend for deg, er like godt kjend for alle. Skriv derfor kvar informasjonen kjem frå så langt du kan, om det så bare er frå eige hovud.

Innhaldsliste

[endre] Korleis oppgje kjelder

Det finst mange måter å oppgje kjelder på. Vel gjerne den som passar deg, men prøv å gjera det slik at alle kjelder lett kan finnast, anten ved at dei er samla ein stad, blir lenkja til sist i artikkelen, eller begge deler.

Slik kan du oppgje kjeldene dine:

  • Om kjelda er ein nettstad, skriv du [http://www.lenkja.com forklåring].
  • Bokkjelder kan oppgjevast på fleire måtar, det vel artikkelforfattaren sjølv. Ein måte å oppgje ei bokkjelda på, er:
    • Forfattar. ''Tittel'' Opphavsstad Utgjevingsårstal: Forlag. ISBN nummer. Dette kan til dømes sjå slik ut: Jakob Sande. Gåsa, katten og hanen Leikanger 2006: Skald. ISBN 82-7959-060-9.

[endre] Kjelder i ein eigen bolk

Kjeldene kan samlast nedst på artikkelsida, under overskrifta «Kjelder», eller på ei eiga underside, «[Artikkelnamn]/Kjelder». Ofte kan ein lista opp dei viktigaste kjeldene på artikkelsida og visa til resten gjennom lenkjer.

[endre] Lenkjer inne i teksten

Ei kjelde for ei særskild utsegn kan ein visa til direkte i teksten ved hjelp av ein fotnote, eit kortnamn på kjelda som seinare blir forklart i kjeldelista, eller ei direkte lenkje dersom kjelda ligg på verdsveven. Prøv likevel å leggja desse kjeldene til den fullstendige kjeldelista.

Dette kan gjerast ved å skriva <ref>Referansen din</ref> etter setninga du vil ha referanse til. Så legg du inn koden <references/> med overskrifta «Fotnotar» under Kjelder.

[endre] Kjelder i redigeringssamandraget

Om du gjer ei mindre endring som det ligg ei eller to spesifikke kjelder bak, kan du nemna denne i redigeringssamandraget, helst samstundes som du nemner kva innhald du endra eller la til.

[endre] Kjelder for omsatte artiklar

Ein kan ikkje gje andre kjelder enn dei ein sjølv kan gå god for. Samstundes er ikkje Wikipedia sjølv ein heilt påliteleg kjelde. Det er difor viktig å skilje mellom primær- og sekundærkjelder. Døme: Du har lese forskningsrapporten Dyreliv på Rockall og synest at dette er spanande kunnskap. Du sett difor artikkelen Rockall om til norsk, og fyller ut med stoff frå rapporten. Men det står no mykje meir i den norske artikkelen enn det som sto i rapporten du las. Dyreliv på Rockall er difor ei primærkjelde på dyrelivet i artikkelen, mens engelsk wikipedia er ei sekundærkjelde på resten. Kjeldene som står i den engelske artikkelen er truleg gode kjelder, men du har ikkje sett dei sjølv.

Dette kan du t.d. skrive som

==Kjelder==
* Ane Rikke Aasen. Dyreliv på Rockall, Knowall Press, 2007

===Sekundære kjelder===
Delar av artikkelen er ei omsetting av artikkelen [[:en:Rockall|Rockall]] på vårt engelskspråklege søsterprosjekt. 
Desse trykte kjeldene er oppgjeve for denne artikkelen. (Nettsida er vitja 1. juni 2007)
* Gregory Seeall. Worms and maggots of Rockall (1998). ISBN 1-86059-055-1
* Bill Baard Toppen. Music and poetry of Rockall (Penguin Books 1974)

[endre] Sjå òg


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -