Friedrich Nietzsche
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Friedrich Wilhelm Nietzsche (15. oktober 1844–25. august 1900) var ein tysk filosof.
Nietzche var fødd i Röcken ved Lützen ikkje langt frå Leipzig.
Han utvikla mellom anna omgrepet nihilisme, og kom til å få stor tydning for europeisk filosofi og litteratur kring århundreskiftet 1900. Komponisten Richard Wagner og filosofen Arthur Schopenhauer påverka tidleg Nietzsche, men han frigjorde seg seinare frå deira tenking og utvikla han vidare.
Dei mest kjende bøkene hans er Also sprach Zarathustra (slik tala Zaratustra) og Jenseits von Gut und Böse (Hinsides det gode og det vonde) Programmatisk for nihilismen er setninga Gott ist tot (Gud er død).
Frå 1889, etter ei stor krise i Turin, vart Nietzsche sinnsjuk og vart teken hand om av syster si. Han døydde i Weimar, og systera, som var tiltrukken av nasjonalsosialismen, redigerte og forfalska ein stor del av det han skreiv. Nasjonalsosialistane misbrukte og fordreia Nietzsche si tenking og nytta han som eit ideologisk førebilete.
[endre] Lenkje ut
- Nietzsches initiale krise (på dansk)
- Nietzschewiki (på fransk)
- Nietzsche (på engelsk)