Evangeliet etter Lukas
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Evangeliet etter Lukas er eit av dei synoptiske evangelia og er i den kanoniske rekkefølgja den tredje boka i Det nye testamentet .
Både språklege og teologiske fellestrekk viser at Lukas-evangeliet (Luk) og Apostegjerningane Apg har same forfattar. Evangelisten Lukas vert symbolsk framstilt som ein okse.
Innhaldsliste |
[endre] Datering
Som for dei tre andre evangelia er dateringa av Lukas-evangeliet usikker. Ho er avhengig av dateringa av Markus-evangeliet, som Lukas kan ha brukt som kjelde, og av Apostelgjerningane, som er skrivne etter evangelieteksten som eit framhald til denne. I vanleg historisk-kritisk bibelforsking vert Markus-evangeliet datert til ca. år 70 e.Kr., og Apostelgjerningane til eit år mellom 80 og 100 e.Kr.. Evangeliet etter Lukas må då ha vore skrive i tidsrommet 75-100 e.Kr. Etter ein meir konservativ tradisjon vert evangeliet datert til åra 40-60 e.Kr.
[endre] Opphav
Som for dei andre evangelieskrifta er også opphavsmannen til Lukas-evangeliet ukjend. Det er ikkje heilt korrekt å kalle han "forfattar". Skrivande redaktør er ei rettare skildring av rolla hans, slik han sjølv skriv i innleiingsversa: «Mange har freista å skriva opp det som hende hjå oss, slik vi har fått det oppgjeve av dei som frå fyrste stund var augnevitne - - - eg har sett meg føre at eg vil skrive et opp for deg i samanheng.»
Opphavsmannen hevder altså ikkje sjølv å vere augnevitne, men å vere ein formidlar av eksisterande overleveringar. I følgje tradisjonen er opphavsmannen lækjaren Lukas, som m.a. er nemnd i Kol 4.14. Tradisjonen vert styrkt av det lærde språket i evangeliet, og at dedikasjonen i innleiingsversa har fellestrekk med medisinske læreboker frå oldtida. Men desse trekka har evangeliet òg til felles med historiebøker frå oldtida, og mange vil karakterisere forfattaren som ein historikar - ein som gjer greie for hendingane slik dei har skjedd.
Det er alt mange som har teke seg til aa setja upp ei fraasegn Luk 1,1-4 (Studentmaalaget si bibelumsetjing, 1921)
|
[endre] Innhald
Innleiing kap 1: 1-4
Forteljingar om Jesu barndom kap 1:5 - 2:52
Jesus gjerningar vert førebudd kap 3:1 - 4:13
Jesus i Galilea kap 4:14 - 9:50
Reisa til Jerusalem kap 9:51 - 19:28
Jesus i Jerusalem kap 19:29 - 21:38
Jesu liding og død kap 22:1 - 23:56
Oppstoda kap 24:1-53
[endre] Karakteristikk
Den språklege stilen er lærd. Jesu liding, død og oppstode står i sentrum. Formålet er å fortelje historia om Guds frelsande handlingar på ein måte som overtyder mottakaren slik at han trur det han høyrer eller les. Han fortel ei historie som Guds plan; eit drama med Jesus Kristus og læresveinane hans i sentrum. Guds plan er skandaløs – Jesus er stadig i selskap med samfunnets utskot, slike som tollaren Sakkeus (Luk 19,1-10). Kvinner har ei viktig rolle som disiplar, han omtaler til og med ei profetkvinne (Luk 2,36). Skandalens høgdepunkt er avrettinga av hovudpersonen, Guds son, som utstøytt og vanhelga.
Lukas tar i sitt evangelium med dei fleste av dei forteljingane som finst i Markus-evangeliet, men føyer til ein del nytt materiale, blant anna forteljinga om Jesu fødsel, det såkalla Juleevangeliet (Luk 2,1–20).
Nei, nar du gjer gjestebod, so bed Luk 14,13-14 (Studentmaallaget si bibelumsetjing, 1921)
|
[endre] Målgruppe
Forfattaren stiller skriftet til Teofilus – eit gresk namn som tyder "den som elskar Gud". Dette kan forståast på to måtar: Det kan vere ein mann ved namn Teofilus (som ikkje var uvanleg), eller det kan forståast symbolsk; at Teofilus er eit akronym som omfattar alle dei som vil ta imot bodskapen skriftet ber med seg.
[endre] Bakgrunnsstoff
Bøkene i Det nye testamente |
---|
Evangelia: Matteus | Markus | Lukas | Johannes
Paulinske brev: Romarbrevet | 1. korintarbrev | 2. korintarbrev | Galatarbrevet | Efesarbrevet | Filipparbrevet | Kolossarbrevet | 1. tessalonikarbrev | 2. tessalonikarbrev | 1. Timoteusbrev | 2. Timoteusbrev | Titusbrevet Filemonbrevet Andre brev: Hebrearbrevet| Jakobs brev | 1. Petersbrevet | 2. Petersbrevet | 1. Johannesbrevet | 2. Johannesbrevet | 3. Johannesbrevet | Judasbrevet |