Ermelandskmasuriske voivodskap
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ermelandskmasuriske voivodskap Województwo warmińsko-mazurskie |
|||||
---|---|---|---|---|---|
|
|||||
Land: | Polen | ||||
Hovudstad: | Olsztyn | ||||
Fylke: | 2 byar og 19 landfylke | ||||
Gmina: | 116 | ||||
Folketal: | 1 427 091 (2006) | ||||
Areal: | 24 191,8 km² | ||||
Folketettleik: | 59 /km² | ||||
Heimeside: | www.umwd.pl/ |
Ermelandskmasuriske voivodskap (polsk Województwo warmińsko-mazurskie eller berre Warmińsko-Mazurskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg nordaust i Polen og største by og hovudstad er Olsztyn. Voivodskapet har eit areal på 24 192 km² og 1 427 091 (2006) innbyggjarar.
Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Olsztyn og delar av Suwałki og Elbląg. Provinsen har fått namn etter dei to historiske regionane Ermeland og Masuria (polsk Mazury).
Provinsen grenser til Podlasie-voivodskapet i aust, Masoviske voivodskap i sør, Kujaviskpommerske voivodskap i sørvest, Pommerske voivodskap i vest, Wisłalagunen i nordvest og Kaliningrad oblast (ein russisk ekslave) i nord. Regionen utgjer omtrent den sørlege delen av tidlegare Aust-Preussen (ein del av Tyskland), som vart delt mellom Polen og Sovjetunionen i 1945.
[endre] Byar og landsbyar
Voivodskapet har 49 byar og landsbyar. Folketala under er offisielle tal frå 2006 [1]):
1. Olsztyn (174 693) |
26. Lidzbark (8 261) |
[endre] Administrativ inndeling
Ermelandskmasuriske voivodskap er delt inn i 21 fylke (powiat), der to er byfylke og 19 er landfylke. Desse er igjen delt inn i 116 kommunar (gmina).
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Warmian-Masurian Voivodeship» frå Engelsk Wikipedia, den 23. mai 2008.
|
|
---|---|
Storpolske · Kujaviskpommerske · Veslepolske · Łódź · Nederschlesiske · Lublin · |