Święty Krzyż-voivodskapet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Święty Krzyż-voivodskapet Województwo świętokrzyskie |
|||||
---|---|---|---|---|---|
|
|||||
Land: | Polen | ||||
Hovudstad: | Kielce | ||||
Fylke: | 1 by og 13 landfylke | ||||
Gmina: | 102 | ||||
Folketal: | 1 281 796 (2006) | ||||
Areal: | 11 672 km² | ||||
Folketettleik: | 110 /km² | ||||
Heimeside: | www.umwd.pl/ |
Święty Krzyż-voivodskapet (polsk Województwo świętokrzyskie eller berre Świętokrzyskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg sør i sentrale område av Polen i den historiske provinsen Veslepolen. Det har fått namn etter Świętokrzyskiefjella og hovudstad og største by er Kielce.
Det grenser til Masoviske voivodskap i nord, Lublin-voivodskapet i aust, Subkarpatiske voivodskap i søraust, Veslepolske voivodskap i sør, Schlesiske voivodskap i sørvest og Łódź i nordvest.
Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Kielce og vestlege delar av Tarnobrzeg. Det dekkjer eit areal på 11 672 km² og er det nest minste av voivodskapa etter Opole. I 2006 hadde voivodskapet 1 281 796 innbyggjarar.
[endre] Byar og landsbyar
Voivodskapet har 31 byar og landsbyar. Folketala under er frå 2006 [1]:
1. Kielce (207 718) |
17. Kazimierza Wielka (5 730) |
[endre] Administrativ inndeling
Święty Krzyż-voivodskapet er delt inn i 14 fylke (powiat), som er eitt byfylke og 13 landfylke. Desse er igjen delt inn i 102 kommunar (gmina).
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Świętokrzyskie Voivodeship» frå Engelsk Wikipedia, den 23. mai 2008.
|
|
---|---|
Storpolske · Kujaviskpommerske · Veslepolske · Łódź · Nederschlesiske · Lublin · |