Vestpommerske voivodskap
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vestpommerske voivodskap Województwo zachodniopomorskie |
|||||
---|---|---|---|---|---|
|
|||||
Land: | Polen | ||||
Hovudstad: | Szczecin | ||||
Fylke: | 3 byar og 18 landfylke | ||||
Gmina: | 114 | ||||
Folketal: | 1 693 533 (2006) | ||||
Areal: | 22 896 km² | ||||
Folketettleik: | 74 /km² | ||||
Heimeside: | bip.szczecin.uw.gov.pl |
Vestpommerske voivodskap (polsk Województwo zachodniopomorskie eller berre Zachodniopomorskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg nordvest i Polen og grenser til Pommerske voivodskap i aust, Storpolske voivodskap i søraust, Lubusz-voivodskapet i sør, Tyskland (Mecklenburg-Vorpommern) i vest og Austersjøen i nord.
Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Szczecin og Koszalin, samt delar av tilstøtande voivodskap. Det er kalla opp etter den historiske regionen Pommern (polsk Pomorze). Trass i namnet inneheld ikkje Vest-Pommern dei vestlegaste områda av den historiske regionen, som ligg i Tyskland (sjå Vorpommern).
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Vestpommerske voivodskap er det femte største voivodskapet i Polen ut frå flatevidd. Av dei største byane i regionen er hovudstaden Szczecin og Koszalin, Stargard Szczeciński og Świnoujście.
Kysten langs Austersjøen er eit populært turistområde med mange strender, innsjøar og skogområde. Szczecin og Świnoujście er viktige hamnebyar. Andre store byar ved sjøen er Międzyzdroje, Dziwnów, Kołobrzeg og Mielno.
[endre] Byar og landsbyar
Voivodskapet har 62 byar og landsbyar. Folketala i lista under er offisielle tal frå 2006 [1]:
1. Szczecin (410 809) |
22. Myślibórz (11 867) |
43. Maszewo (3 073) |
[endre] Administrativ inndeling
Vestpommerske voivodskap er delt inn i 21 fylke (powiat) der tre av desse er byfylke og 18 er landfylke. Desse er igjen delt inn i 114 kommunar (gmina).
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «West Pomeranian Voivodeship» frå Engelsk Wikipedia, den 23. mai 2008.
|
|
---|---|
Storpolske · Kujaviskpommerske · Veslepolske · Łódź · Nederschlesiske · Lublin · |