Storpolske voivodskap
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Storpolske voivodskap Województwo wielkopolskie |
|||||
---|---|---|---|---|---|
|
|||||
Land: | Polen | ||||
Hovudstad: | Poznań | ||||
Fylke: | 4 byar og 31 landfylke | ||||
Gmina: | 226 | ||||
Folketal: | 3 374 653 (2006) | ||||
Areal: | 29 826 km² | ||||
Folketettleik: | 113 /km² | ||||
Heimeside: | www.en.poznan.uw.gov.pl/ |
Storpolske voivodskap (polsk województwo wielkopolskie eller berre Wielkopolskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg vest i sentrale deler av landet. Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Poznań, Kalisz, Konin, Piła og Leszno. Provinsen er kalla opp etter den historiske regionen kalla Storpolen eller Wielkopolska. Det moderne voivodskapet inneheld det meste av denne historiske regionen bortsett frå nokre mindre område i sørvest.
Storpolen Voivodskap er det nest største i areal og det tredje folkerikaste i Polen med eit areal 29 826 km² og eit folketal nær 3,4 millionar. Hovudstaden er Poznań og andre viktige byar er Kalisz, Konin, Piła og Gniezno (tidlegare ein hovudstad i Polen). Det grenser til sju andre voivodskap: Vestpommerske voivodskap i nordvest, Pommerske voivodskap i nord, Kujaviskpommerske voivodskap i nordaust, Łódź-voivodskapet i søraust, Opole i sør, Nederschlesiske voivodskap i sørvest og Lubusz-voivodskapet i vest.
[endre] Administrativ inndeling
Storpolske Voivodskap er delt inn i 35 fylke (powiat) og av desse er det fire byfylke og 31 landfylke. Desse er igjen delt inn i 226 kommunar (gmina).
[endre] Byar og landsbyar
Voivodskapet har 109 byar og landsbyar. Folketala i lista under er frå 2006 [1]):
1. Poznań (566 546) |
56. Stęszew (5 339) |
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Greater Poland Voivodeship» frå Engelsk Wikipedia, den 22. mai 2008.
|
|
---|---|
Storpolske · Kujaviskpommerske · Veslepolske · Łódź · Nederschlesiske · Lublin · |