Pommerske voivodskap
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pommerske voivodskap Województwo pomorskie |
|||||
---|---|---|---|---|---|
|
|||||
Land: | Polen | ||||
Hovudstad: | Gdańsk | ||||
Fylke: | 4 byar og 16 landfylke | ||||
Gmina: | 123 | ||||
Folketal: | 2 201 069 (2006) | ||||
Areal: | 18 293 km² | ||||
Folketettleik: | 120 /km² | ||||
Heimeside: | www.umwd.pl/ |
Pommerske voivodskap (polsk Województwo pomorskie eller berre Pomorskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg nord i Polen i den austlege delen av den historiske regionen Pommern (polsk Pomorze). Hovudstaden er Gdańsk.
Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Gdańsk, Elbląg og Słupsk. Det grenser til Vestpommerske voivodskap i vest, Storpolske og Kujaviskpommerske voivodskap i sør, Ermelandskmasuriske voivodskap i aust og Austersjøen i nord. Det har òg ei smal grense mot Russland på Wisłahalvøya.
Gdańsk, er regionshovudstaden og dannar ein del av Trippelbyen i lag med Sopot og Gdynia. I voivodskapet ligg den smale Helhalvøya og den polske halvdelen av Wisłahalvøya. Andre turistdestinasjonar er Sopot, Jurata, Łeba, Władysławowo, Puck, Krynica Morska, Ustka, Jastarnia, Rozewie, Kuźnica og mange fiskehamnar og fyr.
[endre] Byar og landsbyar
Voivodskap inneheld 42 byar og landsbyar. Innbyggjartala på lista under er frå 2006 [1]:
1. Gdańsk (457 630) |
22. Miastko (10 987) |
[endre] Administrativ inndeling
Pommerske voivodskap er delt inn i 20 fylke (powiat) og av desse er fire byfylke og 16 landfylke. Desse er vidare delt inn i 123 kommunar (gmina).
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Pomeranian Voivodeship» frå Engelsk Wikipedia, den 22. mai 2008.
|
|
---|---|
Storpolske · Kujaviskpommerske · Veslepolske · Łódź · Nederschlesiske · Lublin · |