Dagestan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Hovudstad | Makhatsjkala | ||||
Areal - Totalt |
Rangering:52. 50 300 km² |
||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 22. ca. 2 621 000 (2005) |
||||
Føderalt distrikt | Sørlege | ||||
Økonomisk region | Nord-Kaukasus | ||||
Regionsnummer | 05 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
President | Mukhu Gimbatovitsj Alijev | ||||
Nasjonalsong | Republikken Dagestans hymne | ||||
Tidssone | UTC +0300 |
Dagestan (russisk Республика Дагестан) er ein republikk i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Makhatsjkala, arealet er 50 300 km² og innbyggjartalet 2 621 000 (2005). Dagestan ligg ved kysten av Kaspihavet, og grensar til Aserbajdsjan og Georgia i sør.
Dagestan har dei siste åra vore prega av uro som fylgje av krigen i naborepublikken i vest, Tsjetsjenia. I 1999 vart republikken invadert av opprørsstyrkar frå Tsjetsjenia som freista å oppretta ein islamsk stat i Dagestan. Opprørarane vart drivne ut etter regulære krigshandlingar med russiske styrkar. Dette vart starten på den andre krigen i Tsjetsjenia.
[endre] Folkesetnad
Dei største byane er Makhatsjkala (466 900 ibuarar), Khasavjurt (126 000) og Derbent (107 700).
Dagestan er den mest etnisk samansette regionen i Russland, og ingen folkegrupper utgjer meir enn 30 % av folket. Ved folketeljinga i 2002 var den etniske samansetjinga:
- Avarar: 29,4 %
- Darginar: 16,5 %
- Kumykar: 14,2 %
- Lezginar: 13,1 %
- Lakar: 5,4 %
- Russarar: 4,7 %
- Aserbajdsjanarar: 4,3 %
- Tabasaranar: 4,3 %
- Tsjetsjenarar: 3,4 %
- Nogaiar: 1,5 %
- Rutular: 0,9 %
- Agular: 0,9 %
- Tsakhurar: 0,3 %
Dei fleste folkegruppene i Dagestan er tradisjonelt muslimar.
I motsetning til i Russland som heilskap går folketalet i Dagestan opp. Det auka med 30 % frå 1989 til 2005. Andelen etniske russarar vart om lag halvert i den same perioden, frå 9,2 % i 1989.
[endre] Eksterne kjelder
- Republikken sine offisielle heimesider på russisk
- Artikkel frå NUPI på engelsk
Russiske republikkar | ||
Adygeja | Altaj | Basjkortostan | Burjatia | Dagestan | Ingusjetia | Kabardino-Balkaria | Kalmykia | Karatsjajevo-Tsjerkessia | Karelen | Khakasia | Komi | Mari El | Mordovia | Nord-Ossetia | Sakha | Tatarstan | Tsjetsjenia | Tsjuvasjia | Tyva | Udmurtia |