Basjkortostan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Hovudstad | Ufa | ||||
Areal - Totalt |
Rangering:27. 142 947 km² |
||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 7. ca. 4 063 409 (2006) |
||||
Føderalt distrikt | Privolzjskij (Volga) | ||||
Økonomisk region | Ural | ||||
Regionsnummer | 02 | ||||
Offisielt språk | Russisk, basjkirsk | ||||
President | Murtaza Gubajdullovitsj Rakhimov | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +0500 |
Basjkortostan, tidlegare òg Basjkiria (russisk Республика Башкортостан, basjkirsk Башҡортостан Республикаһы) er ein republikk i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Ufa, arealet er 142 947 km² og innbyggjartalet 4 063 409 (2006).
[endre] Folkesetnad
Dei største byane er Ufa (1 022 600 ibuarar), Sterlitamak (266 200), Salavat (156 300), Neftekamsk (117 800) og Oktjabrskij (107 700).
Den største folkegruppa i Basjkortostan er etniske russarar, men ingen folkeslag utgjer så mykje som 40 % av folket. Basjkirane, eit tyrkisk folkeslag, er den nest største gruppa. Ved folketeljinga i 2002 var den etniske samansetjinga:
- Russarar: 36,3 %
- Basjkirar: 29,8 %
- Tatarar: 24,1 %
- Tsjuvasjar: 2,9 %
- Mariar: 2,6 %
- Ukrainarar: 1,3 %
Sidan oppløysinga av Sovjetunionen har andelen basjkirar i folket auka, frå 21,9 % i 1989, medan andelen russarar og tatarar har gått ned. Folketalet totalt sett har heldt seg relativt stabilt.
[endre] Eksterne kjelder
- Republikken sine offisielle heimesider på russisk
- Artikkel frå NUPI på engelsk
Russiske republikkar | ||
Adygeja | Altaj | Basjkortostan | Burjatia | Dagestan | Ingusjetia | Kabardino-Balkaria | Kalmykia | Karatsjajevo-Tsjerkessia | Karelen | Khakasia | Komi | Mari El | Mordovia | Nord-Ossetia | Sakha | Tatarstan | Tsjetsjenia | Tsjuvasjia | Tyva | Udmurtia |