See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Angelsaksisk litteratur - Wikipedia

Angelsaksisk litteratur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sankt Edmund martyren, krona av englar, frå eit manuskript ved Bury St Edmunds ca 1130.
Sankt Edmund martyren, krona av englar, frå eit manuskript ved Bury St Edmunds ca 1130.
«Sutton Hoo-hjelmen» er blitt ståande som eit visuelt symbol på den angelsaksiske tida.
«Sutton Hoo-hjelmen» er blitt ståande som eit visuelt symbol på den angelsaksiske tida.
Fyrstesida til Peterborough-krønika, sannsynlegvis nedskrevet ein gong rundt 1150, og er ein av dei viktigaste kjeldene til Den angelsaksiske krønika.
Fyrstesida til Peterborough-krønika, sannsynlegvis nedskrevet ein gong rundt 1150, og er ein av dei viktigaste kjeldene til Den angelsaksiske krønika.

Angelsaksisk litteratur, også kalla gammalengelsk litteratur, består av den litteraturen som blei skriven på angelsaksisk (gammalengelsk) i løpet av den 600 år lange angelsaksiske perioden i England, frå midten av 400-talet og fram til den normanniske erobringa av England i år 1066. Desse tekstane inkluderer sjangrar som episk poesi, hagiografiar (helgenbiografiar), preiker (forkynningar), bibelomsettingar, lovverk, krøniker, gåter og andre. I alt er det blitt bevart rundt 400 manuskript frå denne perioden, ein betydeleg corpus (mengd) som har interesse både for allmennheita og vitskapeleg forsking.

Eit av dei viktigaste verka frå den angelsaksiske perioden er diktet Beowulf som har fått ein status i England som eit nasjonalepos. Den angelsaksiske krønika er betydingsfull som ein historisk dokumentasjon av perioden ved å vera kronologi av tidleg engelsk historie, mens det korte religiøse diktet Cædmons hymne frå 600-talet er det eldste bevarte litterære verket på engelsk. Av angelsaksisk poesi, som kan bli betrakta som mest betydingsfull innanfor angelsaksisk litteratur, er det ikkje bevart meir enn 30 000 linjer samla poesi.

Angelsaksisk litteratur har gått gjennom ulike forskningsperiodar – på 1800-talet og tidleg på 1900-talet var fokuset plassert på dei germanske røtene til England, seinare blei dei litterære kvalitetane framheva, og i dagens forsking er hovudvekta plassert på paleografi, den filologiske forskinga innanfor utviklinga til skrifta og bruken i eldre tid samt lesing og tolking av handskrifter, og dei fysiske manuskripta i seg sjølve. Forskarane diskuterer ulike emne som datering, opphavsstad, forfattarskap, og samanhengen mellom angelsaksisk litteratur og det øvrige Europa i mellomalderen.

Innhaldsliste

[endre] Oversikt

Eit stort tal angelsaksiske manuskript er etterlatne; noen frå 600-talet, dei fleste frå 800-talet til 1100-talet, både på latin og på morsmålet. Angelsaksisk litteratur er blant dei eldste morsmålsspråka som ble skrive ned. Angelsaksisk begynte, i skriftleg form, som ein praktisk naudsyntheit i kjølvatnet av dei danske invasjonane – autoritetane i kyrkja var bekymra ettersom det var eit kunnskapsfall i latin slik at stadig færre var i stand til å lesa verka deira. På same tid hadde kong Alfred den store (849899) eit bevisst ønske om å gjenopprette engelsk kultur mens han beklaga den sørgjelege tilstanden til latinundervisninga:

«Så generell var [undervisingas] forfall i England at det var nå bare noen få på denne sida av Humber som kunne... omsetta eit brev frå latin til engelsk; og eg meiner at det ikkje var mange bortanfor Humber heller». (Pastoral omsorg, innleiing). [1]

Kong Alfred bemerka at mens svært få kunne lesa latin var det fortsatt mange som kunne lesa angelsaksisk. Han forslo derfor at studentane burde bli utdanna i morsmålet, og dei som utmerka seg burde deretter studere latin. Av denne grunnen er mange av dei tekstane som er blitt bevart i utgangspunktet som læretekstar eller studentorienterte tekstar.

[endre] Bevarte manuskript

Det er totalt sett omtrent 400 bevarte manuskript som inneheld angelsaksiske tekstar, 189 av dei er betrakta som betydelege. Desse manuskripta har blitt svært høgt prisa av samlarar sidan 1500-talet, både for den historiske verdien deira og fordi dei er estetisk vakre med bokstavar med einheitlege mellomrom og dekorative element.

Det er fire særs betydelege manuskript:

  • Junius-manuskriptet, tidlegare som Cædmon-manuskriptet, ein illustrert poetisk antologi.
  • Exeterboka, også ein antologi, funne i katedralen i Exeter etter at det blei donert dit på 1000-talet.
  • Vercelliboka, ei blanding av poesi og prosa; korleis det hamna i Vercelli i Italia er ukjent og omdiskutert.
  • Nowellkodeksen, eller Cotton Vitellius A. xv, er også ei blanding av poesi og prosa. Dette manuskriptet inneheld det store eposet Beowulf.

Forskinga på 1900-talet fokuserte på dateringa av manuskripta da forskarar på 1800-talet hadde ein tendens til å gjøre dei eldre enn moderne forskarar kan etablere som faktisk. Forskinga har også fokusert på kor manuskripta blei skrive ned, og det var sju betydelege scriptoria der dei har opprinnelsen sin: Winchester, Exeter, Worcester, Abingdon, Durham, og to hus i Canterbury, Christ Church og St. Augustine. eit tredje fokus har vore å identifisere dei respektive regionale dialektane som har vore brukt; det var fire dialektar: norminiriansk frå Norminiria, merciansk frå Mercia, kentisk frå Kent, og vestsaksisk frå Wessex, der sistnemnte var den mest utbreidde.

Ikkje alle tekstane kan rimelegvis bli karakterisert som litteratur; noe er bare lister av namn eller avbrotne skriveøvingar. Imidlertid er det meste litterære tekstar og lista her i synkande mengde: preikenar og helgenbiografiar (dei mest talrike), bibelske omsettingar, omsette latinske verker av dei tidlege kyrkjefedrane, angelsaksiske krøniker og forteljande historietekstar, lovtekstar, testamenter og andre rettslege verk, praktiske tekstar innanfor grammatikk, medisin, geografi og ikkje minst poesi.

Med noen få unntak er bortimot samtlege angelsaksiske forfattarar anonyme.

[endre] Gammalengelsk poesi

Fyrste side av Beowulf, som foreligg i den øydelagte manuskriptsamlinga Nowellkodeksen.
Fyrste side av Beowulf, som foreligg i den øydelagte manuskriptsamlinga Nowellkodeksen.
Den ærverdige Bede som omset Johannes, 1902, maleri av James Doyle Penrose (1862-1932).
Den ærverdige Bede som omset Johannes, 1902, maleri av James Doyle Penrose (1862-1932).

Gammalengelsk poesi består av to typar: dei heroiske germanske førkristne og dei kristne. Den har blitt bevart hovudsakleg i fire større manuskript.

Angelsaksarane etterlèt seg ikkje eit poetisk regelsett eller eit bestemt poetisk system. Den store spennvidda i tid har gjort forståinga av dikta vanskelege, også at dei orda som blei brukt hadde både andre og fleirfoldige tydingar, noe som gir både dobbel som til dels mangetydig forståing. Alt som er kjent om poesien frå denne perioden er basert på moderne analyser. Den fyrste omfattande teorien blei konstruert av Eduard Sievers (1885). Han skilte mellom fem bestemte mønster av stavrim. Teorien til John C. Pope (1942), som brukar musikalske notasjonar for å fylgje versmønstra, har blitt akseptert i ein del sirklar. Kvart tiår har forskninga sett fram ein meir eller mindre ny teori og som deretter har blitt omfattande diskutert.

Den mest populære og kjente forståinga av gammalengelsk poesi er fortsatt teorien til Sievers om allitterasjon eller bokstavrim, altså dei gjentatte overensstemmande og harmoniske lydane i ord som står nær kvarandre.

Systemet er basert på aksent og trykkbetoningar, stavrim, mengda av vokalar, og mønstra i stavingsdannande betoning og framheving. Den består av fem forskjellige kombinasjonar av eit verseskjema eller grunnvers. Kva som helst av dei fem typane kan bli brukt i kva som helst vers. Systemet blei arva frå og eksisterte i ei form eller ein annen innanfor samtlege eldre germanske språk, også den norrøne (sjå Norrøn litteratur). To poetiske figurar som ofte blir funne i gammalengelsk poesi er kjenningar, det vil si ein formalistisk frase som beskriv ein gjenstand i henhold til ein annan (i Beowulf blir «sjøen» poetisk omskrive som «svanens veg»), og litotes, underdrivingar, eit dramatisk uttrykk gitt av forfattaren for den ironiske effekten dens.

Grovt sett er gammalengelske verselinjer delt i to ved ei pause. Omgrepet for dette opphaldet er cesur («caesura»). Kvar halvlinje har to trykkstavingar og knyttast saman ved hjelp av bokstavrim. Den fyrste trykkstavinga av den andre halvlinja skal rime med den eine eller begge av dei trykkstavingane i fyrste halvlinje (meininga er at dei trykkbetonte stavingane i fyrste halvlinje skal rime med kvarandre). Den andre trykkstavinga av andre halvlinje skal ikkje rime med korkje den eine eller den andre trykkstavinga av fyrste halvlinje.

fyrene fremman feond on helle.
(«å begå kvalar, djevel i helvete.» / «to perpetrate torment, fiend of hell.»)
-- Beowulf, linje 101 [1]

Gammalengelsk poesi var ein muntleg kunstart, og den moderne forståinga vår av den i skriven form er ufullstendig; eksempelvis, vi veit at poeten (referert til hos angelsaksarar som «scop», tilsvarande omgrep som det norrøne «skald») kunne bli fylgt av harpespel, og det kan ha vore andre lyttetradisjonar som nå er ukjent.

Poesi representerer den minste delen av bevarte gammalengelske tekstar, men den angelsaksiske kulturen hadde ein rik tradisjon av munnleg litteratur der svært lite har blitt bevart i skriftleg form for ettertida.

[endre] Poetane

De fleste av dei gammalengelske poetane er ukjente og anonyme, tolv er kjent ved namn frå mellomalderkjelder, men bare fire av desse er kjente frå verka deira på morsmålet: Cædmon, Bede, kong Alfred og Cynewulf. Av desse er det bare Cædmon, Bede, og Alfred som har biografier.

Cædmon er den mest kjente og har blir kalla faren til gammalengelsk poesi, til tross for at den litterære kvaliteten i dag ikkje er like iaugefallande. Han levde i klosteret ved Whitby i Norminiria på 600-talet. Bare eitt enkelt dikt på ni linjer, kalla Hymne eller tradisjonelt for Cædmons hymne, er bevart etter han. Det er også den eldste bevarte teksten på engelsk (frå manuskriptet St Petersburg Bede) [1]:

Engelsk gjendikting: Norsk omsetting:
Now let us praise the Guardian of the Kingdom of Heaven

the might of the Creator and the thought of his mind,
the work of the glorious Father, how He, the eternal Lord
established the beginning of every wonder.
For the sons of men, He, the Holy Creator
first made heaven as a roof, then the
Keeper of mankind, the eternal Lord
God Almighty afterwards made the middle world
the earth, for men.

Lat oss nå prise voktaren av kongeriket i himmelen

Skaparens makt og tankane til anden hans
den herlege Fars gjerningar, korleis Han, den evige Herre
La grunnen for begynnelsen på kvart underverk.
For sonar av menn, Han, den heilage Skapar
Gjorde fyrst himmelen som tak, deretter,
Menneskeheitens voktar, den evige Herre
Gud allmektige, etterpå land og riker
Jorda, for menn.

Aldhelm, biskop av Sherborne (død 709), er kjent via William av Malmesbury (død ca 1143) som skreiv at Aldhelm framførte verdslege dikt på morsmålet akkompagnert av ei harpe. Ein god del av den latinske prosaen hans har blitt bevart, men om han skreiv eigne dikt eller bare framførte andres er ukjent da ingenting av han på gammalengelsk er blitt bevart.

Cynewulf er eit namn som ligg heilt i mørke og vist seg umuleg å identifisere, men nyare forsking har foreslått at han levde på den fyrste delen av 800-talet. Ei rekke dikt er blitt tilskrivne han, blant anna Apostlanes skjebnar og Elene (begge funne i Vercelliboka), og Kristus II og Juliana (begge funne i Exeterboka).

[endre] Heroiske dikt

Eit utdrag av «C-teksten» av Den angelsaksiske krønika som viser kor vakker angelsaksisk skrift kan vera.
Eit utdrag av «C-teksten» av Den angelsaksiske krønika som viser kor vakker angelsaksisk skrift kan vera.

Den angelsaksisk poesien som har fått mest merksemd handlar om den germansk, heroiske fortida. Det lengste, 3182 linjer langt, og viktigast, er Beowulf, og som finst i den øydelagde Nowellkodeksen. Diktet fortel historia om den legendariske helten Beowulf frå Gøtaland som diktet også har fått namnet sitt etter. Forteljinga er plassert i Norden, i Sverige og Danmark, og forteljinga har såleis ei nordisk opprinning. Forteljinga er biografisk og sette tonefallet for det meste av den øvrige angelsaksiske poesien. Det har fått status som nasjonalepos i England på same vis som Illiaden har det for Hellas. Verket er av stor interesse for historikarar, antropologar, litteraturforskarar og for studentar verda over.

Bortafor Beowulf eksisterte det også andre heltedikt. To heroiske dikt har blitt bevart i fragmenter: Finnsborgstriden, ei gjenforteljing av eitt av slaga i Beowulf (skjønt tilknyttinga til Beowulf er omdiskutert), og Waldere, ein versjon av hendinga til Walter av Aquitaines liv. To andre dikt nemner heroiske figurer: Widsith er antatt å være svært gammal i delar av verket, og blir datert tilbake til hendingar på 300-talet som omhandlar Ermanarik og austgotarane. Det inneheld ein katalog av namn og stader assosiert til tapre dådar. Diktet Deor er lyrisk, i stil med Filosofiens trøst av Boëthius, brukar eksempel på berømte heltar, blant anna Ermanarik og Weland (som au finst i norrøn dikting som Volund smed), til forteljarens eigen hensikt.

Den angelsaksiske krønike inneheld ulike heltedikt spreidd gjennom teksten. Det tidlegaste er frå år 937 og er kalla Slaget ved Brunanburh som feirar sigeren til kong Adalstein av England over ein felles hærstyrke av skottar og norrøne menn. Det finst også fem kortare dikt: erobring av dei fem burghane (942); kroninga av kong Edgar (973); døden til prins Alfred (1036); og døden til Edvard Vedkjenneren (1065).

Det 325 linjer lange diktet Slaget ved Maldon feirar jarl Byrhtnoth og mennene hans som falt i eit slag mot vikingar i år 991. Det er betrakta som eit av dei finaste, skjønt både begynnelsen og slutten har gått tapt, og det einaste gjenverande manuskriptet blei øydelagt i ein brann i 1731 (fortsett bevart i avskrift). Hovudemnet i diktet er truskapen krigaren har til herren og føraren sin, noe som er eit av dei mest sentrale tema innanfor angelsaksisk dikting. Ein karakteristisk og velkjent tale er den som Byrhtwold heldt mot slutten av diktet: [1]

Engelsk gjendikting: Norsk omsetting:
«Thought shall be the harder, the heart the keener, courage the greater, as our strength lessens.

Here lies our leader all cut down, the valiant man in the dust;
always may he mourn who now thinks to turn away from this warplay.
I am old, I will not go away, but I plan to lie down by the side of my lord, by the man so dearly loved.»

«Vilja vår skal vekse, hjartet vårt dristigare, motet vårt større når slagkrafta vår minkar.

Her ligger ledaren vår fallen, den tapre mannen liggande på jorda;
Alltid skal han angre den som nå vik frå valen.
Eg er gammal, eg vil ikkje vike, men aktar å ligge ved sida av herren min, ved den mannen så dypt sakna.»

Angelsaksisk heltedikting blei overlevert muntleg frå generasjon til generasjon. Etter kvart som kristendomen blei innført begynte forteljarane å legge kristne motiv inn i dei gamle heroiske forteljingane.

[endre] Elegisk poesi

«Beowulf og draken», frå ein barnebokillustrasjon i Stories of Beowulf av J. R. Skelton, 1908.
«Beowulf og draken», frå ein barnebokillustrasjon i Stories of Beowulf av J. R. Skelton, 1908.

Knytta til heroiske forteljingar er eit tal kortere dikt frå Exeterboka som er blitt beskrive som «elegiar» (klagesangar) [2] eller «visdomspoesi» [3] [4].

Dei er lyriske og lik diktinga til Boëthius i beskrivingane deira av lagnaden: hell og ulykker i livet. Dyster og tungsindig er diktet Ruinen som det er verdt å legge merke til. Det fortel om inntrykket av forfallet av ein fordums storarta by i romersk Britannia (dei engelske byane forfalt etter at romerne trakk seg ut tidleg på 400-talet mens dei tidlege engelskmennane fortsatte jordbrukslivet sitt), og Vandringsmannen (The Wanderer), der ein eldre mann talar om eit angrep som skjedde i ungdomen hans og der venene og ætta hans blei drepen; minna om slakting har forblitt hos ham heile livet. Tvilen hans på klokskapen i den voldsomme beslutninga å gå imot ein muleg overlegen hærstyrke: den vise deltar i krigen for å bevare samfunnet og spring ikkje hovudstups ut i krigen, men søker forbundsfeller når stridspartane er av ulik styrke.

Denne poeten finn lita ære i tapperheit for tapperheita i seg sjølv. Sjøfareren (The Seafarer) er forteljinga om ein melankolsk avskjed frå heimen på sjøen, frå der det einaste håpet om forsoning er himmelens glede. Andre visdomsdikt inkluderer Wulf og Eadwacer, Hustruas klagesang (The Wife's Lament), og Ektemannens beskjed (The Husband's Message). Kong Alfred av England skreiv eit visdomsdikt over forløpet til regimet hans laust basert på den nyplatoniske filosofien til Boëthius som kongen kalla for songane til Boëthius (Lays of Boethius). Samtlege titlar over er av seinare dato. Dei angelsaksiske dikta brukte ikkje titlar.

[endre] Klassisk og latinsk poesi

Den heilage Helena fekk også biografien sin skrive på gammalengelsk, her avbilda i Peterskyrkja.
Den heilage Helena fekk også biografien sin skrive på gammalengelsk, her avbilda i Peterskyrkja.

Fleire gammalengelske dikt er tilpassingar av seinklassiske filosofiske tekstar. Det lengste er ei omsetting av Boëthius’ Filosofiens trøst som blei bevart i Cotton-biblioteket. Et anna er Føniks (The Phoenix) i Exeterboka, ein allegorisering av De ave phoenice av Lactantius.

Andre kortare dikt er avleia frå den latinske tradisjonen med bestiarier, det vil si dyrefablar. Noen eksempel er Panteren (The Panther), Kvalen (The Whale) og Åkerhøna (The Partridge).

[endre] Kristen poesi

Helgenanes liv

Vercelliboka og Exeterboka inneheld fire lange forteljande dikt om helgenanes liv, hagiografi. I Vercelliboka er dikta Andreas og Elene, og i Exeterboka er Guthlac og Juliana.

Andreas er 1722 linjer langt og det som er det lengste og som står nærast av dei bevarte angelsaksiske dikta til Beowulf i tonelag og stil. Det er forteljinga om apostelen Andreas og reisa hans for å redde apostelen Matteus. Elene er forteljinga om sankt Helena, mor til keisar Konstantin den store, og oppdaginga hennar av Det sanne krosset. Kulten om Det sanne krosset var populær i det angelsaksiske England og dette diktet var medverkande til kultens popularitet.

Guthlac var eigentleg to dikt om sankt Guthlac, ein engelsk helgen frå 600-talet, og mens Juliana er forteljinga om jomfrumartyren Juliana av Nikomedia.

Bibelske parafraser

Junius-manuskriptet inneholdet tre parafrasar frå Det gamle testamentet. Desse var omskrivningar av bibelske avsnitt til angelsaksisk, og ikkje ei nøyaktig omsetting, men ein parafrase, stundom overført til vakker poesi i sin eigen rett. Det fyrste og lengste er Genesis (frå fyrste Mosebok), det andre er Exodus (frå andre Mosebok), og det tredje er Daniel (frå Daniels bok).

Nowellkodeksen innehold ein bibelsk parafrase som kjem rett etter Beowulf som blir kalla Judit. Det er ei gjenforteljing av Judits bok. Denne må ikkje bli forveksla med Ælfric av Eynshams homilie Judit som gjenfortel den same bibelforteljinga i prosa med stavrim.

Dei bibelske Salmane 51-150 er bevart og etterfylgjer ein prosaversjon av dei fyrste 50 salmane. Dette var truleg ein gong ei fullstendig utgåve av Davids salmar, men bare dei fyrste 150 har overlevd.

Det er eit tal omsettingar på vers av Gloria in Excelsis Deo (Ære være Gud i det høgste), Fader vår, og Den apostoliske truvedkjenninga, forutan eit tal hymner og ordtak.

Kristne dikt

Forteljinger frå Bibelen blei omsett og bearbeida, som legender om Den sanne krossen og kong Salomo, her visa i eit renessansemaleri av Piero della Francesca, møtet mellom Salomo og dronninga av Saba, 1492.
Forteljinger frå Bibelen blei omsett og bearbeida, som legender om Den sanne krossen og kong Salomo, her visa i eit renessansemaleri av Piero della Francesca, møtet mellom Salomo og dronninga av Saba, 1492.

I tillegg til bibelske parafrasar er eit antal originale religiøse dikt, hovedsakeleg lyriske (ikkjeforteljande).

Exeterboka inneheld ei rekke dikt titulert Kristus, seksjonert i Kristus I, Kristus II og Kristus III.

Betrakta som eit av dei vakreste av alle angelsaksiske dikt er Draumen om Kristi kross (Dream of the Rood), bevart i Vercelliboka. Det er ein draumevisjon av Kristuskrossen og kor krossen i seg sjølv er personifisert, og talar således:

«Mang ein kval og kvide bar eg på berget;
Eg så Hærskarenes Gud utstrakt i pine.
Så omhylla mørkret lekamen til Herren,
Den skirne skjønnhet; skyggar dreiv
Svarte under himmelen. Heile skapninga gråt,
Sørga over Kongens fall. Krist var på krossen!»
-- (Drømmen om Kristi kors) [5]

Draumaren veljer å stole på krossen, og draumen endar med ein visjon om himmelen.

Det er eit tal religiøse diskusjonsdikt. Det lengste er Kristus og Satan i Junius-manuskriptet som handlar om konflikten mellom Kristus og Satan i løpet av dei førti dagane i ørkenen. eit anna diskusjonsdikt er Salomo og Saturn, bevart i ei rekke tekstfragment. Saturn er portrettert som ein trollmann som diskuterer med den vise kong Salomo.

[endre] Andre typar dikt

Andre poetiske former som eksisterte i angelsaksisk litteratur inkluderte gåter, korte vers, gnomer (frå gresk, «å vita», ei form for utsegn), og mnemoniske dikt for å huske lange lister med namn.

Exeterboka har ei samling på 95 gåter. Svaret fylgjer ikkje med gåtene, eit tal av dei er kjent og blir fortsatt bruka som gåter i dagleglivet, men noen av dei har ukjente svar.

Det er korte vers funne i margane på manuskript som tilbyr praktiske råd. Det er botemiddel mot tap av krøter, korleis å handtere ein forseinka fødsel, bisvermar, og anna. Det lengste blir kalla Ni urtetrolldommar (Nine Herbs Charm), og er sannsynlegvis av førkristen og heidensk opprinning.

Det er også ei gruppe av mnemoniske dikt komponert for å hjelpe med å hugse utanat lister og rekker med namn og for å holde objekt i orden. Desse dikta er kalt for Menologium, Apostlenes skjebnar (The Fates of the Apostles), Runediktet (The Rune Poem), Fastesesongane (The Seasons for Fasting) og Instruksjonar for kristne (Instructions for Christians).

[endre] Særeigne trekk ved angelsaksisk poesi

[endre] Likningar, synonym og allegoriar

Miniatyr frå New Minster Charter, 966, som viser kong Edgar flankert av Jomfru Maria og Sankt Peter som presenterer eit fridomsbrev («charter») til Kristus.
Miniatyr frå New Minster Charter, 966, som viser kong Edgar flankert av Jomfru Maria og Sankt Peter som presenterer eit fridomsbrev («charter») til Kristus.

Angelsaksisk poesi er markert av ein særeigen bruk av likningar eller synonym, noe som er ein konsekvens av både strukturen dens og med den hyppige bruken av tekstbilde. Det store talet synonym hadde sin grunn i dei krava som bokstavrimet kravde av poeten, men variasjon var eit anna verkemiddel ved at det blei brukt fleire ord for same meining.

Angelsaksisk poesi har ein dramatisk stil med hurtig gangart, og er fylgjeleg ikkje samanliknbar med eksempelvis den vidstrakte, dekorative stilen i den irsk-keltiske poesien frå same periode. Der ein irsk poet kunne bruke tre eller fire samanlikningar for å understreka eit poeng var den angelsaksiske poeten fornøgd med ei enkelt kjenning før diktet sprang vidare (sjå irsk poesi).

Dette kjem også til uttrykk i avhengigheiten angelsaksisk dikting har til metaforar, spesielt bruken av kjenningar. Eit døme på dette finst i Vandringsmannen (The Wanderer) der ein slagscene blir referert til som ein «storm av spyd» [6]. Denne referansen til eit slag gir oss ein mulegheit til å sjå korleis angelsaksarar såg på krig: uberekneleg, kaotisk, brutalt, og kanskje også som ein naturfunksjon. Det er desse stilistiske og tematiske elementa ein bør ha i minnet når ein fyrste gongen tilnæmrar seg angelsaksisk eller gammalengelsk poesi.

[endre] Digresjonar og eigne poetiske ord

Digresjonar har i dag negativ klang, men når forteljaren av Beowulf trår ut av hovedhandlinga skjer det av god grunn for å opplyse personane, handlingane deira, og den verda diktaren står i. Det er to typar digresjonar: forteljinga-innanfor-forteljinga, og når ei forteljing fyrst blir fortalt kort og nedsettande av ein person, og deretter fortalt på nytt av ein annan, lengre og ærefullt.

Karakteristisk for angelsaksisk poesi er bruken av arkaiske ord, og desse orda var aleine forbeholdt poesien, og ved at ein i daglegtale brukte andre ord for det same. Dei poetiske orda kan vera enkeltord, samansetningar eller lengre konstruksjoner. I norrøn litteratur blir dette kalla heiti [7].

[endre] Bokstavrim

Bortimot all angelsaksisk poesi er komponert utan rim på fire trykkbetonte stavingar («toppar») som alternerte med ubestemte tal trykksvake stavingar («senkingar»), knytta saman med bokstavar som liknar på kvarandre, såkalla bokstavrim. Alle vokalane rimar med alle andre, mens alle konsonantane rimar bare med andre konsonantar. Dette hørast framand ut for moderne øre i henhold til det vante poesimønsteret vårt med rim og konstant nummer av ubetonte stavingar. Tilsvarande også med allitterasjon eller bokstavrim.

Gammalengelsk poesi brukte bokstavrim ved at den innledande konsonantlyden blir gjentatt gjennom linja. Eksempelvis i ei verselinje i Beowulf: «weras on wil-siþ wudu bundenne» [8], «man on desired journey bound the ship», rimar dei fleste orda på konsonanten «w». Så gjennomgåande og viktig er forma til allitterasjonen at i den overståande siterte linja at poeten sannsynlegvis begynte med ordkombinasjonen «wil-siþ» («desired journey») som den viktigaste ideen i linja og lot dei påfylgjande orda bokstavrime med dette og lar bokstavrimet forme setninga.

[endre] Muntleg-formularisk dikting

Angelsaksisk poesi har blitt studert omfattande for å bevise teorien om at den var resitert i samsvar med «muntleg-formularisk skjema» (engelsk «oral-formulaic»). Grunnlaget ligg i at mange uttrykk og vendingar går igjen i andre dikt, eksempelvis er det ikkje mindre enn elleve av dei 18 halvlinjene i Cædmons hymne som har parallellar i andre dikt [9]. Det er også funne tilsvarande tilfelle i Beowulf og andre dikt.

Milein Parry framsette teorien under arbeidet med diktinga til Homer, og sidan støtta av Albert Bates Lord i hans arbeid med sørslavisk dikting at den klassiske episke diktinga blei skapt gjennom ein muntleg-formularisk prosess der skaldane skapar diktinga direkte og utan ein fastlagt tekst. Kvar framføring, lik ein impresjonistisk jazzkonsert, ga såleis ein heilt ny gjenskaping av diktet, men basert på eit stort forråd av «formlar» i samsvar med kravet til versemålet. I motsetnad til denne teorien er Bedes eiget vitnemål at Cædmon skapte sitt dikt og at Bede sjølv tilsynelatande la stor vekt på diktet som ei nyskaping. ein vanskelegheit med teorien er at det er bare den skriftlege utgåva som er bevart, ikkje den antatte munnlege tradisjonen. Teorien har også kritikarane sine som hevdar at dikta blei komponert delvis i henhold til ein moderne ord-for-ord-prosess, og delvis også i henhold til å sette saman tema og formular [10].

[endre] Gammalengelsk prosa

Mengden av bevart gammalengelsk prosa er langt større enn mengden av poesi. Mesteparten av dei bevarte prosatekstane er preikenar og latinske omsettingar av religiøse verk. Engelsk prosa framstår fyrst på 800-talet (av det som er kjent) og fortsette å bli nedteikna til ut 1100-talet.

[endre] Kristen prosa

Den mest kjente forfatteren av gammalengelsk var kong Afred som omsette mange bøker frå latin og til gammalengelsk. Desse omsettingane var blant anna Pastoral omsorg (Liber Regulae Pastoralis) av pave Gregor I den store, ei handbok for prestar om korleis å handtere pliktene sine; Filosofiens trøst av Boëthius; og Soliloquies av Augustin av Hippo. Alfred var også ansvarleg for ei omsetting av femti salmar fra Salmenes bok.

Andre betydingsfulle gammalengelske omsettingar blei skrive av assosierte til kong Alfred, blant anna eit rettleiarstykke av Gudsstaten (De civitate Dei) av Augustin, Dialogene av Gregor den store, og Anglerfolkets kirkelege historie (Historia ecclesiastica gentis Anglorum) av Beda den ærverdige. Kanskje det mest viktige verket var omsettinga av Orosius’ Verdshistorie, spesielt sidan det blei betydeleg utvida med originale bidrag, blant anna forteljinga til nordmannen Ottar frå Hålogaland som gir blant dei fyrste skriftlege vitnesbyrda om Noreg som nasjon.

Ælfric av Eynsham, som skreiv på slutten av 900-talet og starten av 1000-talet, var den mest profilerte forfattaren av angelsaksiske preikenar, og som blei kopiert og tilpassa for bruk til langt inn på 1200-talet. Han skreiv eit tal helgenbiografiar, eit gammalengelsk verk om tidsutrekning, pastorale brev, omsettingar av dei fyrste seks bøkene i Bibelen, ordbøker og omsettingar av andre delar av Bibelen, blant anna Salomos ordspråk, Visdommens bok og frå Ecclesiasticus (Det gamle testamentet).

I same kategori som Ælfric var den samtidige Wulfstan, erkebiskopen av York. Preikenane hans var svært stilistiske og som han skreiv i ei rytmisk form med allitterasjon. Preikenane blei skrive på gammalengelsk, sjølv om dei er kjent under dei latinske namna sine, blant anna Sermo Lupi ad Anglos (Ulvens preken til anglarane) der han legg skylda for invasjonane og herjingane vikingane gjorde på dei eigne syndane til engelskmennane. Han skreiv ei rekke kyrkjerettslege tekster, Regjeringsforma til institusjonane (Institutes of Polity) og Kyrkjelovane til Edgar (Canons of Edgar).

Ein av dei tidlegste angelsaksiske prosatekstane er Martyrhistorie (Martyrology), informasjon om helgane og martyrane i henhold til årsdagane deira og festivalar i kyrkjekalenderen. Det har blitt bevart i seks fragment. Det er antatt at det stammar frå 800-talet av ein anonym forfattar fra Mercia i regionen Midlands.

Den eldste samlinga av preikenar er Blicklinghomiliene i Vercelliboka og blir datert til 900-talet.

Det er eit tal prosaverk om livet til helgenane. Utover dei som er skrive av Ælfric fins det prosastykke om sankt Guthlac i Vercelliboka, livet til Margareta av Antiokia og livet til sankt Chad av Mercia. Det er fire biografiar i Juliusmanuskriptet: De heilige sju sovarane, sankt Maria av Egypt, sankt Eustachius og sankt Euphrosyne.

Det er mange gammalengelske omsettingar frå ulike delar av Bibelen. Ælfric omsatte dei fyrste seks bøkene i Bibelen (Hexateuch, «seks rullar»). Det er ei omsetting av Evangelia. Den mest populære var Nicodemus’ evangelium (eller Pontius Pilatus’ gjerninger). Andre var blant anna Pseudo-Matteus’ evangelium, Apostelen Paulus’ visjoner (eller openbaring), Vindicta salvatoris, og Apostelen Tomas’ visjoner (eller openbaring) [10].

Ei av dei største samlingane av angelsaksiske tekstar er rettslege tekstar sett saman og tatt vare på i klostra. Desse inkluderer mange ulike tekstar: oppteikningar av donasjonar frå adelen, testament, dokument om emansipasjon (frigivingar), boklister og lister over relikvie, hoffsaker og reglar for lauga. Alle desse tekstane gir verdifull innsikt i den sosiale historia i den angelsaksiske epoka, men er også av litterær verdi. Eksempelvis, noen av hoffsakene er forteljingar som er interessante for bruken deira av retorikk.

[endre] Verdsleg prosa

Hertug Vilhelm av Normandie stikk ned kong Harald Godwinson, den siste angelsaksiske kongen, under slaget ved Hastings i 1066. Frå ein ikkje heilt historisk korrekt illustrasjon i ei engelsk krønike frå rundt 1280-1300, nå ved British Library.
Hertug Vilhelm av Normandie stikk ned kong Harald Godwinson, den siste angelsaksiske kongen, under slaget ved Hastings i 1066. Frå ein ikkje heilt historisk korrekt illustrasjon i ei engelsk krønike frå rundt 1280-1300, nå ved British Library.

Den angelsaksiske krønika har truleg opphav på tida til kong Alfred og heldt fram i over 300 år som ei årbok over angelsaksisk historie.

Bare ein klassisk romanse er bevart. Teksten er eit fragment av ei forteljing om Apollonius frå Tyr (må ikkje bli forveksla med den stoiske filosofen Apollonius av Tyr) og vart truleg omsett på 1000-talet, frå ein gresk tekst som nå har gått tapt.

Den lærde munken Byrhtferth av Ramsey, som levde på same tid som Ælfric og Wulfstan, skreiv bøkene Enchiridion og Handboc, som handla om matematikk og retorikk. Desse finst både på latin og angelsaksisk.

Ælfric skreiv også to nyvitskapelege verk, Hexameron og Interrogationes Sigewulfi, som handla om skaparforteljingar. Han skreiv vidare ei grammatikkbok og ei ordliste i angelsaksisk som blei kalla Latin. På grunn av at ho inneheldt ei gammalfransk ordliste blei ho seinare nytta av studentar av gammalfransk.

Mange av dei bevarte tekstane inneheld reglar og utrekningar for å bestemme religiøse festivalar, og tabeller for å rekne ut tidevatn og månefasar.

Nowellkodeksen handlar om Austens underverk (The Wonders of the East) som inkluderer eit bemerkelsesverdig verdskart og andre illustrasjonar. Dette manuskriptet inneheld òg brevet Aleksander sendte til Aristoteles. Etter som dette er det same manuskriptet som inneheld Beowulf har noen forskarar spekulert på om det kan ha vore meint som ei samling om eksotiske stader og vesen.

Det finst òg nokre interessante medisinske verk. Ei av desse er ei omsetting av Apuleius’ Herbarium, med illustrasjonar, som vart funne saman med Medicina dei Quadrupedibus. Ei anna samling av tekstar er Legeboka til Bald (Bald's Leech book) frå 900-talet som handlar om planter og urter og nokre kirurgiske botemiddel. Ei tredje samling, kjent som Lacnunga, tek for seg verkemiddel som vernar mot trolldom, besvergingar og kvit magi.

Angelsaksiske rettslege tekstar utgjør ein stor og betydningsfull del av dei bevarte manuskripta. På 1100-talet blei dei sett saman til to store samlingar (sjå Textus Roffensis). Dei inkluderer lovane til kongen, som begynner med lovane til Aethelbert av Kent, og tekstar som handlar om bestemte saker og stader rundt om i landet. Eit interessant døme er Gerefa som tar for seg dei viktigaste pliktene til ein tjenestemann, ein «reeve», ved eit større landgods. Det er òg eit omfattande band med rettslege dokument relatert til klostra.

[endre] Forskings- og verkingshistorie

Erkebiskop Matthew Parker (1504–1575) samla angelsaksiske manuskript frå dei nedlagte klostra etter reformasjonen i England.
Erkebiskop Matthew Parker (1504–1575) samla angelsaksiske manuskript frå dei nedlagte klostra etter reformasjonen i England.

Gammalengelsk eller angelsaksisk litteratur forsvann ikkje med den normanniske erobringa av England i 1066. Mange preiker og verk blei fortsatt lese og var i bruk i delar eller heile fram til 1300-talet, og blei vidare katalogisert og organisert. I løpet av reformasjonen i England, da klosterbiblioteka blei spreidd, blei manuskripta samla av oldtidsforskarar og lærde. Blant desse var Laurence Nowell, Matthew Parker, Robert Bruce Cotton og Humfrey Wanley, derav namna på ein del av manuskripta i moderne tid. På 1600-talet begynte ein tradisjon med å skape litterære ordbøker og referansar av angelsaksisk litteratur. Den fyrste var William Somners Dictionarium Saxonico-Latino-Anglicum (1659). Ordbokforfatteren Joseph Bosworth begynte å skrive ei ordbok på 1800-talet som blei fullført av Thomas Northcote Toller i 1898 som fikk tittelen An Anglo-Saxon Dictionary, og blei sidan også oppdatert.

Ettersom gammalengelsk var eit av dei fyrste morsmåla som blei skrive ned søkte forskarane på 1800-talet etter røtene til ein europeisk «nasjonalkultur» (sjå Romantisk nasjonalisme) og hadde såleis spesiell interesse for angelsaksisk litteratur. Gammalengelsk blei dermed ein del av universitetsstudia. Etter den andre verdskrigen har det vore ei aukande interesse for de fysiske manuskripta i seg sjølv. Neil Ker, ein paleograf, utgav den banebrytande Catalogue of Manuscripts Containing Anglo-Saxon (Katalog av manuskripter inneholdande angelsaksisk) i 1957, og ved 1980 var bortimot alle dei angelsaksiske manuskripta blitt gjenutgitt på engelsk. J.R.R. Tolkien, kjent som ein forfattar av fantastisk litteratur, er kreditert for å ha skapt ei rørsle for å sjå på gammalengelsk som eit emne for litterær teori i forelesningane sine frå 1936. Desse blei siden gitt ut av sonen hans i 1983 i form av essaysamlinga Beowulf: The Monsters and the Critics.

Angelsaksisk litteratur har òg påverka på moderne litteratur. Noen av dei mest kjente omsettingane inkluderer William Morris' si omsetting av Beowulf og Ezra Pound si omsetting av Sjøfareren. Påverking på poesien er tydeleg hos moderne poetar som T. S. Eliot, Ezra Pound og W. H. Auden. Mange av emnevala og terminologien i heroisk poesi er synlege i populære verk som Hobbiten, Ringdrotten og mange andre.

[endre] Referansar

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Omsettinga til norsk er gjort av Wikipedia for anledninga.
  2. Apocalyptic-theories.com: Elegy
  3. Cameron, Angus (1983): «Anglo-Saxon literature» i Dictionary of the Middle Ages, v.1, sidene 280-281
  4. Woodring, Carl (1995): The Columbia Anthology of British Poetry. Side 1
  5. Omsetting til nynorsk frå bokmålsomsettinga til Sandved, Arthur: Vers fra vest. Side 68-69.
  6. The Wanderer, linje 99"
  7. Sandved, Arthur: Vers frå vest. Side 19-20.
  8. Alexander, Michael, red. Beowulf: A Glossed Text. London 1995. (linje 216)
  9. Magoun, F.P.: «Bede’s Story of Cædmon: The case history of an Anglo-Saxon Oral Singer», Speculum ERX (1955), side 54.
  10. 10,0 10,1 Cameron (1982): «Anglo-Saxon Literature». Bind 1. Side 285

[endre] Kjelder

[endre] Litteratur

  • Sandved, Arthur (1987): Vers fra vest. Gammalengelsk dikt i utvalg. Thorleif Dahls Kulturbibliotek. Oslo 1987. ISBN 82-03-15534-0. ein av dei bedre internasjonale introduksjonane til angelsaksisk poesi.
  • Bosworth, Joseph: (1889): An Anglo-Saxon Dictionary
  • Campbell, Alistair (1972): Englarged Addenda and Corrigenda
  • Cameron, Angus (1982): «Anglo-Saxon Literature». Dictionary of the Middle Ages. ISBN 0-684-16760-3

[endre] På verdsveven


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -