Den apostoliske truvedkjenninga
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den apostoliske truvedkjenninga er ei av vedkjenning av den kristne trua. Truvedkjenninga skal vere eit konsentrat av undervisninga til apostlane. Den apostoliske truvedkjenninga fekk si form i det sjette hundreåret, men kan, i ei noko kortare form, følgjast attende til det andre hundreåret etter Kristus. Truvedkjenninga har tre artiklar: Om Faderen, Sonen og Den heilage ande.
Dei fleste kyrkjer står samla om tre økumeniske truvedkjenninger. Forutan den apostoliske brukast Den nikenske truvedkjenninga og Den athanasianske truvedkjenninga. I Den norske kyrkja er det den apostoliske som vert mest brukt. Innhaldet i den apostoliske truvedkjeninga er forklåra i Luthers litle katekisme.
Ordlyden i truvedkjenninga finn vi i Altarboka og i Norsk Salmebok som ein del liturgien i Den norske kyrkja. I liturgien kallast truvedkjenning gjerne for Credo etter dei latinske innleiingsorda. Kyrkjelyden syng eller seier fram truvedkjenninga som ein del av gudstenesta.
[endre] Norsk tekstFyrste trusartikkel: |
[endre] Latinsk tekst
|