Alessandro Volta
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alessandro Giuseppe Antonio Anastasio Volta (18. februar 1745 - 5. mars 1827) var ein italiensk vitskapsmann, som er kjend for å ha utvikla det første elektriske batteriet, voltasøylen. Måleininga for elektrisk spenning, volt har fått namn etter han.
[endre] Livssoge
Volta vart fødd og fekk utdanninga si i byen Como i Italia, der han vart professor i fysikk ved den kongelege skulen i 1774. Lidenskapen hans hadde alltid vore å studere elektrisiteten, og medan han enno var ein ung student skreiv han eit dikt på latin om denne fasinerande oppdaginga. Den første vitskapelege publiseringa hans er "De vi attractiva ignis electrici ac phaenomenis inde pendentibus"
[endre] Kjelde
Tilsvarande artikkel på engelsk Wikipedia.