Leiv Eiriksson
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
[endre] Leiv Eiriksson
Leiv Eiriksson eller Leiv den hepne (islandsk: Leifur Eiríksson) var ein norrøn oppdagar fødd om lag 975 på Jæren, og døydde om lag 1020.
Leiv var ein viking, oppvaksen på garden Brattalid i Eiriksfjord på Grønland. Han var son av Eirik Raude, som var son av Thorvald Asvaldsson. Mora var Thjodhild. Eirik Raude er rekna å koma frå Jæren i Rogaland fylke.
Frå Brattalid reiste Leiv sørover til nordspissen av Newfoundland som han kalla Vinland. Ein reknar 9. oktober 1000 som tidspunktet for denne oppdaginga. Der bygde han hus (Leivsbuene) og overvintra. Han reiste flere gonger nedover for å overvintra.
Bjarni Herjólfsson skal ha oppdaga og gjeve namn til Markland, Vinland, og Helluland allereie om lag 986.
I alle høve kom båe to mykje før Christopher Columbus til den verdsdelen som seinare vart kalla Amerika.
I 1960 fann Helge Ingstad att Leivsbuene på L'Anse aux Meadows i Canada.
[endre] På verdsveven
- Eiríks saga rauða frå www.heimskringla.no
- Grænlendinga saga frå www.heimskringla.no
- Eit rekonstruert portrett av Leiv Eiriksson av Marco Bakker: Reportret: Leif Ericsson.