See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Iran - Wikipedia

Iran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

[endre]
جمهوری اسلامی ایران
Jomhuri-ye Eslami-ye Iran
Det iranske flagget Det iranske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonale motto: Esteqlāl, āzādī, jomhūrī-ye eslāmī (farsi: Sjølvstende, fridom, den islamske republikken
Geografisk plassering av Iran
Offisielle språk Farsi (Persisk)
Hovudstad Teheran
Styresett
Øvste leiar
President
Islamsk republikk
Ali Khamenei
Mahmoud Ahmadinejad
Flatevidd
 - Totalt
 - Andel vatn
 
1 648 195 km² (17.)
0,7 %
Folketal
 - Estimert (2005)
 - Folketeljing (—)
 - Tettleik
 
68 017 860 (18.)

41/km² (128.)
'
Revolusjon
11. februar 1979
BNP
  - Totalt (2005)
  - Per innbyggjar
 
560 348 000 000 (19.)
8 065 (77.)
Valuta Rial
Tidssone UTC +3
Nasjonalsong «Sorood-e jomhoori-e eslami»
Nasjonaldag Nyttår, nauroz, 20-21. mars
Internasjonal telefonkode +98
Nasjonale toppdomene .ir


Den islamske republikk Iran (persisk: جمهوری اسلامی ایران), før 1934 kalla Persia, er eit land i Midtausten. Det grensar til Pakistan og Afghanistan i aust, Turkmenistan, Aserbajdsjan og Armenia i nord og Tyrkia og Irak i vest. Iran har kystlinje langs Persiabukta og Omanhavet i sør og mot Kaspihavet i nord.

Innhaldsliste

[endre] Historie

] Det moderne Iran har røter tilbake til Persarriket som blei til på 500-talet og dekka Iran, Afghanistan, Tyrkia, Tadjikistan og tilstøytande område. Etter tre forsøk klarte Alexander den store å erobra det, men riket fekk snart sjølvstende igjen. Muslimske styrkar fekk herredøme over landet på 600-talet, og blei seinare følgde av seldsjukane og mongolske erobrarar.

På 1500-talet blei landet igjen fritt, styrt av eigne sjahar eller kongar. Landet kom under press frå både Russland og Storbritannia på 1800-talet, og ei tid med modernisering tok til. Reformønske førte til den iranske grunnlovsrevolusjonen frå 1905 til 1911.

I 1953 blei den iranske stastministeren Mohammed Mossadeq avsett gjennom eit komplisert kupp dei britiske og amerikanske etteretningstenestene stod bak ("Operasjon Ajax"), truleg fordi Mossadeq var i ferd med å nasjonalisera dei iranske oljeressursane.

Demokratiet blei bytta ut med monarki, og sjahen Mohammad Reza Pahlavi blei stadig meir diktatorisk. Han moderniserte industrien i landet med sterk støtte frå USA og Storbritannia, men undertrykka òg folket sitt ved hjelp av tortur og andre brot på menneskerettane. I 1979 gjorde iranarane opprør, og etter over eit år med strid blei Iran til ein islamsk republikk etter ei folkerøysting. Ayatollahen Ruhollah Khomeini blei ny statsleiar.

[endre] Politikk

Iran er ein totalitær islamsk republikk med eit politisk system sett opp i grunnloven frå 1979. Landet har fleire styringsorgan, der representane til nokre av dei folkevalde og andre handplukka ut frå religiøse kriterium.

[endre] Geografi

Kart over Iran
Kart over Iran

Det iranske landskapet er prega av røffe fjellrekkjer som deler ulike basseng eller platå frå kvarandre. Dei folkerike områda i vest har mest fjell med rekkjer som Zagrosfjella og Alborz fjella. Desse siste har Irans høgste punkt, Damavand, på 5607 moh. I aust er det i hovudsak aude ørkenbasseng med nokre saltsjøar.

Langs kysten mot det kaspiske havet og ved den nordlege enden av Persiabukta er det sletter. Mindre, usammenhengende sletter finst langs resten av Persiagulf-kysten, Hormuz-sundet og Omanhavet.

[endre] Provinsar

Iran har 30 provinsar (ostan-haa, eintal: ostan):

  • 1 Teheran
  • 2 Qom
  • 3 Markazi
  • 4 Qazvin
  • 5 Gilan
  • 6 Ardabil
  • 7 Zanjan
  • 8 Aust Aserbajdsjan
  • 9 Vest Aserbajdsjan
  • 10 Kurdistan
  • 11 Hamadan
  • 12 Kermanshah
  • 13 Ilam
  • 14 Lorestan
  • 15 Khuzestan
  • 16 Chahar Mahaal og Bakhtiari
  • 17 Kohkiluyeh og Buyer Ahmad
  • 18 Bushehr
  • 19 Fars
  • 20 Hormozgan
  • 21 Sistan og Baluchistan
  • 22 Kerman
  • 23 Yazd
  • 24 Esfahan
  • 25 Semnan
  • 26 Mazandaran
  • 27 Golestan
  • 28 Nord Khorasan
  • 29 Razavi Khorasan
  • 30 Sør Khorasan

[endre] Klima

Iran har hovudsakleg tørt klima eller steppeklima. Iran ligg mellom to større havområde, og er omkrinsa av høge fjell. Det kalde asiatiske høgtrykket bølgjer sør og nord i løpet av vinteren, og temperaturane kan gå bli både høgare enn 15ºC og lågare enn -20ºC. Lågtrykk kjem frå Middelhavet om lag ein gong eller to i veka frå januar til mars, og gjev litt regn eller snø. Det meste av landet har likevel mindre enn 250 mm nedbør i løpet av eit normalt år. Når dei nordlege områda møter vêrfrontar frå Asia kan kysten av Kaspiahavet, og særleg dei vestlege områda, få mykje gråvêr. Enkelte område her har meir enn 100 nedbørsdagar og ein normal årsnedbør på meir enn 2000 mm.

Det indre platået, inkludert Teheran, har stort sett nordvestleg vind om sommaren og i forhold til høgde over havet er dette området eit av dei varmaste i verda. Fukta er som regel låg, bortsett frå kysten av Persiabukta, som har like høg fukt og temperatur som Kuwait og Qatar, og har eit subtropisk klima. Dei lågareliggande områda mot sørvest, ved grensa til Irak, er enno varmare.

[endre] Økonomi

Rial er Iran si offisielle pengeeining.
Rial er Iran si offisielle pengeeining.

Økonomien er ei blanding av sentral planlegging, statseigde olje-selskap og andre store selskap, jordbruk styrt av landsbyer og små private handels- og service-foretak.

Iran er den nest største oljeprodusenten i OPEC. Landet har 10% av verdas kjende oljereservar og verdas nest største naturgass-reservar (etter Russland).

[endre] Demografi

Iran er ei samling av nærare 80 forskjellige grupper.
Iran er ei samling av nærare 80 forskjellige grupper.

Folketalet i Iran har auka dramatisk i siste halvdel av det tjuande hundreåret.

[endre] Språk

Majoriteten av Irans folk snakkar eitt av de iranske språka, men berre persisk er offisielt språk. Det største språket i Iran er det tyrkiske språket søraserbajdsjansk, som er førstespråket til omkring 23,5 millionar menneske (1997), eller omlag ein tredel av folketalet. 22 millionar snakkar persisk, 3,265 millionar snakkar mazanderani og omtrent like mange snakkar gilaki. kurdisk blir snakka av til saman seks og ein halv million kurdarar, fordelt på 3,25 millionar for sentralkurdisk, 3 millionar for sørkurdisk og 350000 for [[nordkurdisk]. Av semittiske språk talar kring 1,4 mill. arabisk. Ethnologue reknar opp til saman 77 språk for Iran, av dei 51 med informasjon om talarar. 13 av språka har meir enn 1 million talarar, i tillegg til dei lista opp ovafor er det turkmensk, qashqai, nordluri, domari, bakhtiari og sørluri.

[endre] Religion

Dei fleste iranarar er muslimar. 89 % tilhøyrer den sjiaislamske grein av islam, som er offisiell statsreligion. Rundt 10% høyrer til den sunniislamske grein, som dominerar innan den muslimske verda. Ikkje-muslimske religiøse minoritetar i Iran inkluderer bahá'í, parsisme, jødedom og kristendom.

[endre] Kultur

Iran er ein antikk sivilisasjon der kulturen er samlingspunktet og hjarta. Kunsten, musikken, arkitekturen, diktinga, filosofien, tradisjonane og ideologien til dette landet gjer iranaren til ein stolt verdsborgar. Iranarar trur deira kultur er den einaste grunnen til at den persiske sivilisasjonen har overlevd samanhengande gjennom fleire tusen år med mange katastrofar.

[endre] Kjelder

[endre] Sjå òg

[endre] På verdsveven



Vest-Asia

Afghanistan | Armenia | Bahrain | Georgia | Irak | Iran | Israel | Jordan | Kuwait | Kypros |
Libanon | Oman | Qatar | Saudi-Arabia | Dei sameinte arabiske emirata | Syria | Tyrkia | Jemen

Commons har multimedia som gjeld: Iran


På andre språk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -