Teheran
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teheran (persisk: تهران [tʰɛhə'rɑ:n] el. [tʰɛh'rɑ:n]), stundom skrive Tehran, er hovudstaden i Iran. I Teheran bur omlag 7,4 millionar menneske — medrekna forstadene omlag 11 millionar (1. januar 2004).
Teheran ligg nord i Iran på 1200 moh. ved elvane Jajrud og Karaj.
Teheran har 2 universitet, fleire museum og moskéar og er Irans handels- og industrisentrum med meir enn halvparten av industrien i landet.
Det har budd menneske i teheranområdet frå kring 6000 fvt., men ein reknar at sjølve byen Teheran vart grunnlagt på 800-talet.
[endre] Bakgrunnsstoff