University of Oxford
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Latinsk namn | Universitas Oxoniensis |
Motto | Dominus Illuminatio Mea (latin)- "Herren er lyset mitt" |
Grunnlagt | Uvisst, undervising frå 1096 |
Type | kollegieuniversitet, offentleg universitet |
Rektor | [[]] |
Stad | Oxford i England |
Studentar | |
Tilsette | |
Medlemskap | EUA |
Nettstad | www.ox.ac.uk |
University of Oxford (norsk: Universitetet i Oxford) ligg i byen Oxford i England, og er det eldste universitetet i den engelsktalande verda. Det er uvisst kva tid universitetet vart grunnlagd, og det kan vera at det ikkje fann stad som ei enkelt hending. Undervisinga i Oxford kan førast attende til kring 1096. Universitetet er eit kollegieuniversitet, der studentane ikkje er underlagt universitetet sentralt, men eitt av dei mange kollegia som vart oppretta til forskjellige tider og med forskjellige føremål.
Ved sidan av Universitetet i Cambridge er det eitt av dei mest prestisjefylde universiteta i verda. Dei to rivalane har konkurrert mot kvarandre i lang tid, men er samstundes på mange vis så like at dei ofte går under fellesnamnet Oxbridge.