Oxford
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oxford er ein by og eit lokalt distrikt i Oxfordshire, England, som har ein folkesetnad på 134 248 (2001 folketeljing). Byen hyser Oxford-universitetet, det eldste universitetet i den engelsk-talande verda. Byen er kjend som «dei drøymande spirs by», eit omgrep som vart innført av Matthew Arnold som ein referanse til den harmoniske måten bygningane på universitetsområdet vart bygde på. Elva Thames renn gjennom Oxford, der namnet Isis blir bruka om ein strekning på omlag 4.5 kilometer.