Tsjandra
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsjandra, også stava Chandra, er guden for månen i hinduismen. Ordet tsjandra betyr ganske enkelt 'måne' på sanskrit. Guden er lysande kvit og reiser over himmelen kvar natt i vogna si, som blir trukken av ti kvite hestar. Han blir også kalla Soma.
Som månegud og den ein meinte la ut dogg var Tsjandra sett på som ein grødegud, og par som ønska seg ungar kunne be til han.
Tsjandra er far til Budha (planeten Merkur) og gift med daksjadøtrene Anuradha og Bharani.
[endre] Som namn
Gudenamnet blir brukt som personnamn for både kvinner og menn. Det kan også stavast Chander, som er hindiversjonen av Chandra. Det er vanlegast å bruka i namnesamansetjingar, som Harishchandra, Ramachandra eller Chandrasekhar.
Teleskopet Chandra er kalla opp etter den indiske astronomen Subrahmanyan Chandrasekhar.