Nirrti
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nirrti eller Nirriti (sanskrit निरृति, nirṛti, 'øydeleggjing') er ei vedisk gudinne for død og forderving. Ho har reip som bind alle døydelege og herskar over underverda. Nirrti er òg digpala for retningen sør.
Gudinna er skildra i både Rigveda og Atharveda. Seinare er også den skrekkelege mannlege dødsguden Nirrta komen til, anten som ein ektemann eller eit mannleg aspekt av Nirrti.
Nirrti er nemnd som kona til Adharma ('urettvise') og mor til Bhaya ('sjukdom', 'fare', 'redsle'), Mahābhaya og Mṛtyu ('død') i Mahabharata, eller som dottera til Adharma og Hiṁsā ('skade') og mor til Naraka og Bhaya i Markandeyapurana.