Subrahmanyan Chandrasekhar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Subrahmanyan Chandrasekhar (19. oktober 1910 – 21. august 1995) var ein indisk fysikar, astrofysikar og matematikar. Han vart fødd i Lahore i daverande Britisk India (no Pakistan). Han var nevø av nobelprisvinnaren i fysikk C. V. Raman. Chandrasekhar studerte fysikk ved Presidency college i det daverande Madras (no Chennai) i Tamil Nadu i det søraustlege India.
Chandrasekhar vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1983 for studia sine av dei fysiske prosessane som er viktige for strukturen og utviklinga av stjerner. Han delte prisen med fysikaren William Alfred Fowler.
Subrahmanyan Chandrasekhar var tilsett ved University of Chicago frå 1937 inntil han døydde i 1995, 85 år gammal.
Innhaldsliste |
[endre] Verk
[endre] Prisar
- 1949 - Henry Norris Russell Lectureship
- 1952 - Bruce Medal
- 1953 - Gold Medal of the Royal Astronomical Society
- 1971 - Henry Draper Medal
- 1983 - Nobelprisen i fysikk
- 1984 - Copley Medal frå Royal Society
[endre] Oppkallingar
- 1958 - asteroiden 1958 Chandra vart oppkalla etter Chandrasekhar.
- 1999 - NASA kalla opp det tredje av sine fire «store observatorium» etter Chandrasekhar etter ein namnekonkurranse med 6.000 kandidatar frå femti amerikanske statar og 61 land. Chandra X-ray Observatory (Chandra røntgenstråleobservatorium) vart sendt opp og teke i bruk av romferja Columbia den 31. juli 1999.
[endre] Sjå òg
[endre] Eksterne lenkjer
- National Academy of Sciences biography
- Harvard's site on Chandrasekhar
- Subrahmanyan Chandrasekhar
- Subrahmanyan Chandrasekhar