See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Trygve Lie - Wikipedia

Trygve Lie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Trygve Halvdan Lie (16. juli 1896 til 30. desember 1968) var ein norsk politikar. Frå 1946 til 1952 tente han som den fyrste valde generalsekretær for Dei sameinte nasjonane.

Innhaldsliste

[endre] Barndom, oppsvokster og utdanning

Lie vart fødd i Oslo, (då Kristiania) 16. juli 1896. Far hans, Martin, forlèt familien for å arbeide som snekker i USA og mora Hulda dreiv eit vertshus. Lie vart med i Arbeidarpartiet i 1911 og vart utnemnd til partisekretær kort etter å ha vorte cand.jur frå Universitetet i Oslo i 1919. Lie gifta seg med Hjørdis Jørgensen i 1921. Paret fekk tre døtre, Sissel, Guri og Mette.

[endre] Politisk karriere

[endre] Mellomkrigstida

Lie var sekretær i Arbeidarpartiet frå 1919 til 1922, og etter dette juridisk konsulent for Arbeidernes faglige Landsorganisasjon (det seinare LO) fram til 1935. Frå 1935 til hausten 1939 var Lie justisminister, og frå 1. oktober 1939 handelsminister og forsyningsminister i Nygaardsvoldregjeringa.

Lie var ein tidleg tilhengar av oktoberrevolusjonen i Russland, og møtte Vladimir Lenin. Han tillèt òg Leon Trotskij å busetje seg i Noreg då han vart sendt i eksil frå Sovjetunionen. Det ryktast at Lie gav etter for press frå Joseph Stalin sitt ynske om å få Trotskij satt i husarrest, sjølv om dette korkje kan stadfestast eller avkreftast. Seinare neitta Lie Trotskij å forlate Noreg etter at Trotskij hadde brote løftet sitt om ikkje å drive med politisk verksemd medan han var i Noreg.

[endre] Krigen og eksilregjeringa

I 1940 gav Lie ordre om at alle norske skip skulle sigle til allierte hamnar då Tyskland invaderte Noreg. Han overtok posten som utanriksminister i november 1940Halvdan Koht vart tvungen til å gå av, formelt frå 21. februar 1941. Då sat regjeringa i London, den såkalla Londonregjeringa. Forsvarsminister Oscar Torp og Lie representerte tyngdepunkt i eksilregjeringa. Med diplomatisk dugleik og handlekraft gjorde Lie sitt til å styrkja Noreg si stilling i høve til dei allierte under andre verdskrigen. Lie sitt tilhøve til statsminister Johan Nygaardsvold var ikkje prega av full tillit. Nygaardsvold såg Lie sin energiske innsats, men kunne trekkja lojaliteten hans i tvil. Lie var utanriksminister fram til 1946

Lie leidde den norske delegasjonen til SN-konferansen i San Francisco i 1946 og hadde ein viktig rolle i å skape provisjonane for Tryggingsrådet, og leidde den norske delegasjonen til den fyrste generalforsamlinga for SN same året.

[endre] =Generalsekretærskapen

1. februar 1946 vart han valt som fyrste generalsekretær for SN, som eit kompromiss mellom dei sentrale grunnleggjingsnasjonane. Lie var ansvarleg for å sikre dei noverande lokalane for SN sitt hovudkvarter frå John D. Rockefeller , Jr.

Som generalsekretær stødde Lie grunnlegginga av Indonesia og Israel. Han arbeidde for at sovjetiske troppar skulle trekkjast ut or Iran, og for vapenkvile i Kashmir. Sovjetunionen uttrykte misnøye med Lie då han hjelpte til med å skaffe støtte til Sør-Korea då dei vart invaderte i 1950. Lie arbeidde òg for at Sovjetunionen skulle avbryte boikottinga si av SN, sjølv om han truleg hadde lite å gjere med at boikotten vert avslutta. Han motsette seg spansk medlemskap i SN grunna personleg motstand mot Francoregimet. Han arbeidde òg for at Folkerepublikken Kina skulle anerkjennast som medlem av SN etter at nasjonalistregjeringa gjekk i eksil på Taiwan. Han meinte at Folkerepublikken Kina var dei einaste som kunne oppfylle Kina sine obligasjonar fult ut.

Lie har vorte kritisert for å ikkje ha bidratt til forhandlingar under Berlinblokaden, og for ikkje å ha makta å avslutte Koreakrige snarare. Han har òg fått kritikk for å vere arrogant og sta.

Trass i protestar frå Sovjetunionen vert Lie sin periode forlenga i 1950, då USA nedla veto mot alle andre moglege kandidatar, og Sovjetunionen neitta å godta at Lie fekk ein periode til, grunna i Lie si rolle i Koreakrigen. Sovjetunionen neitta å erkjenne han som generalsekretær i Lie si andre periode, og etter anklager frå Joseph McCarthy for å ha hyra ’’illojale’’ amerikanarar trakk Lie seg som generalsekretær 10. november 1952.

[endre] Seinare politisk karriere

Lie var aktiv i norsk politikk òg etter generalsekretærskapen, som fylkesordfører i Oslo og Akershus, som innanriksminister og handelsminister. Sjølv om han aldri vart nokon populær politikar, vart han respektert, og hadde eit godt omdøme som pragmatisk og effektiv.

Lie døydde 30. desember 1968 av hjartesvikt, 72 år gamal.

Føregjengar:
 Gladwyn Jebb (fungerande) 
Generalsekretær for SN
Etterfylgjar:
 Dag Hammarskjöld 
Føregjengar:
 Erik Himle 
Norsk handels og sjøfartsminister
Etterfylgjar:
 Kåre Willoch 
Føregjengar:
 {{{Føregjengar}}} 
Norsk industriminister
Etterfylgjar:
 Karl Trasti 
Føregjengar:
 Kjell Holler 
Norsk industriminister
(1963–)
Etterfylgjar:
 Kaare Meland 
Føregjengar:
 Halvdan Koht 
Norsk utanriksminister
Etterfylgjar:
 Kåre Willoch 
Føregjengar:
 Arne Sunde  
Norsk justisminister
Etterfylgjar:
 Terje Wold 


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -