Johan Nygaardsvold
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Nygaardsvold (6. september 1879 - 13. mars 1952), med tilnamnet Gubben, var ein norsk arbeidarpartipolitikar som var statsminister i tidsromet frå 1935 til 1945. Han oppretta den andre regjeringa med grunnlag i Arbeidarpartiet 20. mars 1935, etter at partiet hadde gått saman med Bondepartiet i det såkalla Kriseforliket.
Då Noreg vart invadert av Tyskland den 9. april 1940, flykta Nygaardsvold og regjeringa hans først til Hamar og seinare til Elverum, Molde og Tromsø før dei enda opp i London den 7. juni. Derfrå leidde han den såkalla "Londonregjeringa" fram til 31. mai 1945. Han gjekk frå stillinga som statsminister den 26. juni 1945.
Nygaardsvold vart skulda for ikkje å ha gjort nok for å hindra at tyskarane så lett kunne okkupera Noreg i 1940. Men 1935, året då han tok over som statsminister, er av mange sett som eit av dei verkeleg store skilje-åra i norsk historie.
Med Nygaardsvold-regjeringa tok bygginga av den norske velferdsstaten til. Tiltaka mot krisa skapte ny optimisme i breie lag av folket og hindra at fascismen fekk nokon massebasis her i landet.
Føregjengar: Johan Ludwig Mowinckel |
Statsminister i Noreg |
Etterfylgjar: Einar Gerhardsen |
[endre] Sjå òg
- Johan Nygaardsvold si regjering
- Noreg under den andre verdskrigen
- Lengst sitjande norske statsministrar