See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Koreakrigen - Wikipedia

Koreakrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

SN-styrkane på veg attende over den 38. breiddegrada
SN-styrkane på veg attende over den 38. breiddegrada
Frå NORMASH-sjukehuset
Frå NORMASH-sjukehuset

Koreakrigen, er ei nemning på ein krig i Korea frå 1950 til 1953. Nord-Korea fekk stønad av Folkerepublikken Kina og Sovjetunionen, medan Sør-Korea fekk stønad frå USA og fleire andre land i dei sameinte nasjonane (SN).

Noreg sende i 1951 eit mobilt militærsjukehus, det såkalla Normash. Noreg støtta òg SN-styrkane med pengar. Ei avtale om våpenkvile vart inngått den 27. juli 1953, men krigen har formelt ikkje teke slutt.

Koreakrigen kan i ettertid sjåast som ein del av den kalde krigen, i og med at kommunistiske land stødde opp om nord, medan kapitalistiske land stødde styrkane frå sør.

[endre] Krig

25. juni 1950 gjekk nordkoreanske styrkar over grensa til Sør-Korea. Fleirtallet i Trygginsrådet, med Sovjetunionens representant ikkje til stades, vedtok ei oppmoding til regjeringa i Pyongyang om å trekka troppane sine tilbake. Det skjedde ikkje, og same dagen gjekk USA til aksjon for å støtta Sør-Korea.

Seoul fall tidleg i juli 1950, og snart var dei sør-koreanske styrkene pressa ned til den søraustlege kystbyen Pusan. Der blei SN-styrkene forsterka medan amerikanske marinestyrker starta eit motåtak ved Inchon utanfor Seoul. Dette kutta dei nord-koreanske forsyningslinene og gjorde at dei måtte gjera rask retrett.

I november 1950 dukka dei første kinesiske troppane opp i felten, og det kinesiske engasjementet auka sterkt etter kvart. Frontlinja flytta seg både sørover og nordover, men sommaren 1951 stabiliserte SN-styrkene stillingane sine omtrent langs den gamle grensa.

[endre] Følger

Tala for kor mange ein meiner omkom under Koreakrigen varierer frå 2 til over 3 millionar. Dei fleste kjeldene meiner talet ligg rundt 2,5 millionar. Vel 800 000 soldatar døydde som følge av krigen (Kina ca. 170 000, Nord-Korea ca. 350 000, Sør-Korea ca. 220 000, SN-styrkene ca. 55 000), medan over halvannan million koreanske sivile blei drepne (Nord-Korea mellom 700 000 og 1 000 000 og Sør-Korea ca. 550v000).

Over 7 millionar koreanarar lever med kjend eller ukjend familie på andre siden av grensen. De fleste har ikkje hatt kontakt siden krigshandlingane slutta.

Mange ungar som var blitt foreldrelause under krigen blei adopterte til vestlege land, mellom anna Noreg. Det finst derfor ei relativt stor gruppe nordmenn av koreansk opphav.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Koreakrigen



aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -