Palatalisering
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Palatalisering er ein fonologisk prosess (lydendring) hos visse språk. Den vanlegaste forma for palatalisering går ut på at velare konsonantar, dvs. konsonantar som blir uttalt med tungeryggen mot den mjuke ganen, i visse tilfelle blir endra til palatale konsonantar, dvs. uttalt lenger fram i munnen, med tungeryggen mot den harde ganen. Eit døme frå norsk er uttale av gammalnorsk ekki som "ikkje" eller itj. Det er også vanleg å referere til prosessar der alveolare konsonantar (tannryggskonsonantar) blir uttalt lenger bak i munnen, som palatale konsonantar, som palatalisering. Eit døme på norsk er nordnorsk uttale av ordet "mann".
Samanfatningsvis meiner vi med palatalisering av ein lyd at lyden i visse omgjevnader blir endra ved at tungeryggen blir heva mot den harde ganen (lat. palatum).
I IPA-lydskrift blir palatalisering attgjeve med teiknet [ʲ], t.d. [pʲ, tʲ, sʲ] osb. I keltologi og i slavistikk blir ofte apostrof eller einskild høgre sitatteikn brukt: /g’/, /d’/, /f’/ osb. til skilnad frå /g/, /d/, /f/ osb..