See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Fonologi - Wikipedia

Fonologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fonologi er ein del av den generelle lingvistikken som tek for seg lydar i språket. Medan fonetikk er læra om lyder, ser språklydlæra på korleis dei fungerar i tale. Ho skildrer lydane i eit språk og korleis dei står i høve til kvarandre.

Innhaldsliste

[endre] Strukturalistisk fonologi

Sentralt i klassisk strukturalistisk fonologi står fonemet, den minste tydingsskiljande eininga i språket. For strukturalistisk fonologi er det ei sentral oppgåve å finne foneminventaret i eit språk, dvs. settet av fonem. Dette kjem ein fram til ved å setje opp eit sett av minimale par, par av typen bil/pil, som viser at b og p er ulike fonem i norsk.

[endre] Klassisk generativistisk fonologi

Det sentrale verket innafor tidlege versjonar av generativ grammatikk var The Sound Pattern of English, av Noam Chomsky og Morris Halle frå 1968. I staden for å sjå på fonema som fonologiske primitivar ser dei på den fonologiske strukturen som ein streng av segment med fonologiske trekk. Desse trekka er artikulatorisk bestemt (dvs. avhengig av korleis lydane blir uttalt). Fonologiske reglar bestemmer deretter korleis ordet skal uttalast.

[endre] Suprasegmental fonologi

Utover 1970-talet vart det klårt at mange fonologiske fenomen gjekk att for meir enn ett segment. Dette førte til ei utvikling av ein fonologisk teori basert på fenomen som går over fleire segment, såkalla suprasegmental fonologi, også kalla autosegmental fonologi, etter ein term introdusert av John Goldsmith i ei avhandling fra 1976. Her introduserte han konseptet om parallelle bindeledd («tiers») mellom segment som tillèt fonologiske prosessar som til dømes prosodi. Eksempel er tonem, setningsmelodi og vokalharmoni. Desse segmenta er parallele med dei individuelle segmenta (vokalar og konsonantar), samstundes som dei har uavhengige eigenskapar. Goldsmith appliserte teorien i en detaljert fonologisk analyse av igbospråket i Nigeria.

[endre] Optimalitetsteori

Den dominerande retninga innafor fonologisk teori frå og med 1990-talet har vore optimalitetsteori. Optimalitetsteorien går bort frå absolutte reglar, og sett i staden opp eit sett av (språkuavhengige) vilkår (constraints). For kvar ordform er det ein komponent ("Generer fritt") som genererer ulike kandidatar. Alle kandidatane bryt fleire eller færre av vilkåra, og den forma som bryt færrest vilkår vinn konkurransen. Skilnaden språk i mellom kjem av at desse vilkåra er ordna seg i mellom på ulike måtar i ulike språk. Ein grunn til at optimalitetsteorien har vore så populær er sannsynlegvis at han er i stand til å løyse ein av dei sentrale problema med klassisk generativ fonologi, nemleg problemet med arbitrære reglar. Sentrale namn her er Paul Smolensky John McCarthy og Alan Prince.

[endre] Styringsfonologi

Ei anna grein av fonologien er styringsfonologi (government phonology), ein teori som går attende til starten av 1980-talet. Styringsfonologien tar utgangspunktet i akustisk definerte primitivar heller enn i artikulatorisk definerte, og går ut i frå at desse primitivane kan kombinerast etter eit lite sett av prinsipp, og val av ulike binære parameter. Etter denne teorien er den fonologiske strukturen til alle språk grunnleggjande den same, og den variasjonen vi kan sjå kjem av ulike val for desse parametra. Sentrale namn her er Jonathan Kaye, Jean Lowenstamm, Jean-Roger Vergnaud, Monik Charette og John Harris.

[endre] Sjå òg


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -