Olav II av Noreg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Konge av Noreg | 1015-1028 | |
Føregjengar | Ladejarlane Eirik og Svein Håkonsson | |
Etterfylgjar | Knut den mektige | |
Fødd | 995 på Ringerike | |
Død | 29. juli 1030 på Stiklestad | |
Gift med | Astrid Olofsdotter av Svitjod | |
Barn | ||
Gravlagd | Nidaros | |
Helgenkåra av den katolske kyrkja | 1031 |
Olav II Haraldson også kalla Heilag-Olav eller Olav Digre, fødd 995, død 29. juli 1030, var konge av Noreg frå 1015 til 1028. Han fekk æra for å ha innført kristendommen til Noreg.
Innhaldsliste |
[endre] Liv
Olav var son av Harald Grenske, ein norsk småkonge. Han vart gift i 1019 i Sarpsborg med Astrid Olofsdotter av Svitjod (Sverige), som var dotter til Olof Skötkonung av Sverige og Edla. Sonen deira var Magnus I Olavsson. Dottera var Ulvhild Olavsdatter, f. 1020 i Borg, d. i Saksen 24 mai 1071; g. m. Ordulf av Saksen (1020 - 1072).
[endre] Død
Olav døydde i slaget på Stiklestad den 29. juli 1030. Olsok eller «Olavsvaka» den 29. juli er til minne om slaget.
[endre] Ettermæle
I Nidaros vart det reist ei praktfull kyrkje til ære for Olav, kyrkja vart etter kvart kalla Nidarosdomen. Kongen fekk snart ry på seg om å vera ein heilag mann som kunne lega sjuke, og Nidaros vart ein valfartsstad for folk som søkte bot eller betring.
Ein kan mellom anna lesa om Olav i Heimskringla, norske kongesoger av islendingen Snorre Sturlason.
[endre] Namn
Kongen er truleg mest kjend under namnet Olav den heilage eller Heilag-Olav. På norrønt språk var han kalla Óláfr hinn helgi. Andre namn på han er Olav Haraldsson, Olav Digre, Sankt Olav og St. Olav. Namnet Olav kan òg verta skrive Olaf eller Olaus. Engelsk: Saint Olaf, svensk: Olof av Norge, Sankt Olof, latin: Olavus rex.