Slaget på Stiklestad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget ved Stiklestad | |
---|---|
Slaget illustert av Halvdan Egedius (1877-1899) |
|
Konflikt: Ladejarlane og Hårfagreætta | |
Dato: Sommaren 1030 | |
Stad: Sul ved Stiklestad | |
Utfall: Bondehæren vann | |
Partar | |
Bondehæren sett saman av bønder, høvdingar og adelsfolk | Medlemmer av den gamle kongshirden, lokale folk |
Leiarar | |
Tore Hund, Hårek frå Tjøtta og Kalv Arneson | Kong Olav Haraldsson og Dag Ringsson |
Styrker | |
Ukjent | Ukjent, men sannsynligvis betraktelig mindre enn bondehæren |
Tap | |
Ukjent | Ukjent |
Ladejarlane og Hårfagreætta | |
Slaget ved Stiklestad |
Slaget på Stiklestad den 29. juli 1030 er eitt av dei mest vidgjetne slaga i Noregssoga. I dette slaget ved Stiklestad i Verdal kommune, mista kong Olav Haraldsson livet. Han vart to år seinare erklært som helgen (Olav den heilage), og slaget står for ettertida som symbol på innføringa av kristendomen i Noreg.
Innhaldsliste |
[endre] Bakgrunn
I 1028 måtte Olav Haraldsson, 13 år etter at han var krona, gå i eksil etter at Knut den mektige og Ladejarlen hadde gjort samband. Han flykta til Gardarike (Russland), og heldt seg der i eitt års tid.
Då Håkon Jarl drukna i 1029 såg Olav eit nytt høve til å koma til makta i Noreg. Han vende tilbake gjennom Sverige med ein her, og kom fram til Verdal, nord for Nidaros. Den 29. juli 1030 møtte han der, ved garden Sul, ein her førd av Hårek frå Tjøtta, Tore Hund og Kalv Arneson. 200 år seinare skreiv Snorre Sturlason at denne heren hadde meir enn 7 000 mann, om lag dobbelt så mange som det Olav hadde. Dette er uvisst, både dei absolutte tala og forholdstalet. Det er likevel truleg rett at Olav hadde færre soldatar med seg enn motstandarane.
På denne tida hadde Olav ingen framtredande støttespelarar i Noreg. Han hadde gjort seg til uven med stormennene gjennom den harde framferda si, og med bøndene gjennom tvangskristninga. Kongsheren var for det meste samansett av utanlandske soldatar og tilfeldige eventyrarar som hadde slutta seg til han på vegen gjennom Sverige. Den såkalla bondehæren var ein breid allianse der dei fleste norske hovdingar var med, saman med frie bønder, både kristne og heidningar.
[endre] Slaget
Om morgonen, før slaget byrja, sov Olav ei stund. Han skal ha fortalt etterpå at han hadde drøymt at han klatra opp ein stige som tok han inn i himmelen. Dette blei ein viktig del av Olavslegenda, ettersom det vart sett som eit teikn på at Olav hadde fått vita at han skulle lida martyrdøden.
Bondeheren viste seg å vera den sterkaste, og Olav blei omringa av fiendane sine. Snorre fortel at han blei drepen av tre sår: Torstein Knarresmed hogg han i låret med øks, Tore Hund stakk eit spjut i magen hans og Kalv Arnesson hogg han i halsen med sverd. Soga fortel at han fekk hogget i låret først, og då kasta frå seg sverdet. Banesåret var truleg hogget i halsen, og han døydde kort tid etterpå.
[endre] Etterspel
Etter at Olav fall snudde stemninga i bondehæren, først hjå hovdingane og sidan hjå bøndene. Olav blei gravlagd like ved slagstaden, og det tok til å gå gjetord om at han var ein helgen. Etter eit år vart liket hans greve opp, og ein fant at det var like friskt som då han døydde. Dette blei sett på som eit tydeleg teikn på heilagdomen hans, og liket, som frå då av blei sett på som eit viktig relikvie, blei flytta til Nidaros. Der blei det teke vare på i Olavsskrinet, som var den kostelegste og mest framståande heilagdomen i norsk mellomalder.
[endre] Slagstaden
Det er ikkje mange funn etter slaget på Stiklestad, men dette er i seg sjølv ikkje uvanleg i norsk slagfeltsarkeologi — det steinete norske jordsmonnet gjer presis stadfesting av slag med georadar praktisk talt umogleg.
29. juli 1954 ga eigaren av garden Sul skodespelarar lov til å oppføra eit historisk spel basert på slaget på sin eigedom. Spelet om Heilag Olav blei eit årvisst fenomen, og er det største utandørsdramaet i Skandinavia, sett av over 600 000.
Den katolske kyrkja kjøpte i 1875 ei tomt rett ved slagstaden for å byggja kapell der. Dette sto ferdig akkurat i tide til feiringa av 900-årsdagen for slaget, 29. juli 1930. Kapellet, som naturleg nok heiter St. Olavs kapell, er fortsatt i bruk, og i jubelåret 2000 ga pave Johannes Paul II avlat til dei som deltok i liturgiske feiringar der i samband med olsokfeiringa.