Morfin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
CAS-nummer 57-27-2 |
ATC-nummer N02A A01 |
Metabolisme | Hovedsakeleg i lever ved konjugering med glukuronsyre |
Halveringstid | Ca. 2-4 timar |
Utskiljing | Renal |
Administrasjonsform | Per oral, IV, IM, SC |
Morfin er eit alkaloid opioid smertestillande lækjemiddel som vert nytta ved sterke smerter og verkar ved hjelp av ein sentral smertestillande effekt.
[endre] Historie
Stoffet vart først isolert frå opium i 1803 av den tyske farmasøyten Friedrich Serturner. Han kalla stoffet Morphium etter Morfevs, ein gresk gud for søvn og draumar. Med oppfinninga av den medisinske sprøyta i 1853 tok ein i bruk det nye stoffet, ofte for å "kurera" avhengnad til opium eller alkohol.
Stoffet blei mykje brukt i den amerikanske borgarkrigen, og over 400.000 soldatar fekk "soldatsjukdommen", det vil seia morfinavhengnad. Fleire kjende menneske har lidd av same sjuka, til dømes Charlie Parker, Bela Lugosi, Hank Williams og William S. Burroughs. På grunn av den sterke avhengnaden morfin skaper, unngår ein i dag bruk av stoffet så godt som råd for langtidsbruk, medan kortvarig bruk i ein klinisk akutt situasjon er tilrådeleg og ikkje vanedannande.
[endre] Handelsnamn i Noreg
- Dolcontin, Pfizer AS
- Morfin, Nycomed Pharma AS