Isabella av Castilla
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isabella I (på spansk språk Isabel I), (22. april 1451–26. november 1504) var regjerande dronning av eit sameint Spania frå 1479-1504. Ho vart fødd i Madrigal, og døydde i Medina al Campo.
Ho var dotter av Johan II av Castilla (1405-1454) og Isabella av Portugal. Isabella I gifta seg med syskenbarnet Ferdinand II av Aragonia den 19. oktober 1469, noko som la grunnen for ei spansk riksdanning. Ho etterfylgde broren Henrik IV av Castilla på Castilla si trone i 1474 men var tvungen til å forsvara sin arveretten mot si brordotter, Juana la Beltraneja.
I 1479 kom Ferdinand på trona i Aragonia. Same år tok Isabella og Ferdinand tittelen "konge og dronning av Spania". Paven tildelte dei tilnamnet "dei katolske".
Den spanske inkvisisjonen vart etablert i 1478. Jødar vart utvist frå landet. I sin kamp mot kjetteri erobra dei spanske styrkane i 1492 det siste muslimske fotfestet på den iberiske halvøya, kongeriket Granada.
Saman gav dei Christoffer Columbus i oppdrag å finna ein sjøveg i vest til India. I staden oppdaga han Amerika.
[endre] Barn
- Isabella (1470-1498; gift med 1) arveprins Alfonso av Portugal, 2) Manuel I av Portugal
- Juan (1478-1498)
- Johanna den galne (1479-1555)
- Maria (1482-1517; gift med Manuel I av Portugal
- Katarina av Aragonia (1485 -1536; gift med 1) Arthur, prins av Wales, 2) broren Henrik VIII av England