See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Honduras - Wikipedia

Honduras

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

[endre]
República de Honduras
Det honduranske flagget Det honduranske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonale motto: Ukjent
Geografisk plassering av Honduras
Offisielle språk Spansk
Hovudstad Tegucigalpa
Styresett
Republikk
Manuel Zelaya
Flatevidd
 - Totalt
 - Andel vatn
 
112 090 km² (102.)
Ubetydeleg
Folketal
 - Estimert (2005)
 - Folketeljing (—)
 - Tettleik
 
6 975 204 (96.)

62/km² (107.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
Frå Spania
1821
1923
BNP
  - Totalt (2005)
  - Per innbyggjar
 
20 549 mill. USD (108.)
2 793 USD (124.)
Valuta Lempira
Tidssone UTC -6
Nasjonalsong «Tu bandera es un lampo de cielo»
Nasjonaldag 15. september
Internasjonal telefonkode +504
Nasjonale toppdomene .hn


Republikken Honduras er eit land i Mellom-Amerika. Landet grensar mot nord til Guatemala og El Salvador, og mot sør til Nicaragua, mot vest ligg Stillehavet og mot aust den Honduranske Golf og det karibiske hav. Belize (tidlegare «Britisk Honduras») ligg omkring 75 km frå Honduras, på tvers av den honduranske bukta, der dei to landa ligg tettast på kvarandre.

Innhaldsliste

[endre] Geografi

Honduras ligg ved det karibiske hav og nordlege Stillehavet. Klimaet varierar frå subtropisk i låglandet til tempereret i fjella.

Honduras sitt landområde består primært av fjell, men det er òg smale sletter langs kysten.

Landets naturressursar er mellom anna tømmer, gull, sølv, kopar, bly, sink, jernmalm, antimon, kol, fisk og vasskraft.

[endre] Departement

Honduras er inddelt i 18 departement:

  • Atlántida
  • Choluteca
  • Colón
  • Comayagua
  • Copán
  • Cortés
  • El Paraíso
  • Francisco Morazán
  • Gracias a Dios
  • Intibucá
  • Islas de la Bahía
  • La Paz
  • Lempira
  • Ocotepeque
  • Olancho
  • Santa Bárbara
  • Valle
  • Yoro
Kart over Honduras
Kart over Honduras

[endre] Klima

Ein har få pålitlege klimadata frå Honduras. I Tegucigalpa, som ligg i det høgareliggande området Tierra templada har ein større temperaturendringar gjennom døgnet, og kjølegare netter enn det lågareliggande området Tierra caliente. Byen har ein årleg nedbørsnormal på 832 mm. Kysten av Det karibiske havet vender stort sett mot nord, og har mykje mindre nedbør enn Nicaragua i sør og Belize i nord. Ein har like mykje nedbør her som på Stillehavskysten, noko som er uvanleg for denne regionen.

[endre] Folkesetnad

Folket i Honduras er hovudsakleg spansktalande mestisar (omlag 91 %). På nordkysten bur det ein del engelsktalande folk av afrikansk opphav. Små grupper av indianarar held òg fast ved sin opphavlege kultur i isolerte område av landet, mellom anna Chortí, Pech eller Paya, Tolupan eller Xicaque, Lenca, Sumo eller Tawahka, og Miskito. Indianarane utgjer 7 % av folketalet.

Gjennomsnittleg levetid er 72 år for kvinner og 68 år for menn.

[endre] Politikk

Honduras er ein presidentstyrt republikk, der presidenten er både stats- og regjeringssjef og er folkevald. Politikken vert dominert av to parti: Partido Liberal de Honduras (Honduras' liberale parti) og Partido Nacional de Honduras (Honduras' nasjonale parti, konservativt). Ved det siste valet, 27. november 2005, fekk desse to partia 117 av dei 128 plassane i kongressen. Presidenten, Manuel Zelaya, representerer det liberale partiet.

[endre] Historie

Honduras var ein del av Spania sitt store rike i den nye verda. Landet vart sjølvstendig i 1823 som del av den Sentral-Amerikanske føderasjonen, denne vart oppløyst i 1838.

Etter 25 år der landet det meste av tida var under militær leiing, kom ei fritt vald sivil regjering til makta i 1982. I 1980-åra viste Honduras seg å være ein fristad for anti-sandinistiske contras som bekjempa Nicaragua si regering, samt ein alliert til El Salvador sine regjeringsstyrkar, som kjempa mot venstreorientert gerilja.

I 1998 raserte orkanen Mitch landet og øydela økonomien til landet.

[endre] Kultur

[endre] Språk

Det offisielle språket er spansk. engelsk vert tala på nordkysten. I tillegg vert fleire indianarspråk tala.

[endre] Religion

Folket i Honduras er stort sett romersk-katolske kristne. Etter offisielle tal er 97 % av folket romersk-katolske. Evangeliske kristne grupperingar er veksande.


Mellom-Amerika og Karibia
Antigua og Barbuda | Bahamas | Barbados | Belize | Costa Rica | Cuba | Dominica | Den dominikanske republikken | El Salvador | Grenada | Guatemala | Haiti | Honduras | Jamaica | Mexico | Nicaragua | Panama | Saint Kitts og Nevis | Saint Lucia | Saint Vincent og Grenadinane | Trinidad og Tobago
Commons har multimedia som gjeld: Honduras



aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -