See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Barbados - Wikipedia

Barbados

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

[endre]
Barbados
Det barbadiske flagget Det barbadiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonale motto: Pride and Industry
Geografisk plassering av Barbados
Offisielle språk Engelsk
Hovudstad Bridgetown
Styresett
Dronning
Generalguvernør
Statsminister
Monarki
Elisabeth II
Clifford Husbands
David Thompson
Flatevidd
 - Totalt
 - Andel vatn
 
431 km² (200.)
0 %
Folketal
 - Estimert (2008)
 - Folketeljing (2002)
 - Tettleik
 
281 968 (179.)
276 607
654,2 /km² (8.)
Sjølvstende
 - Etter forhandlingar
Frå Storbritannia
30. november 1966
BNP
  - Totalt (2006)
  - Per innbyggjar
 
3,099 mrd. USD (152.)
17 782,864 USD (40.)
Valuta Barbadisk dollar
Tidssone
Nasjonalsong ««In Plenty and In Time of Need»»
Nasjonaldag 30. november
Internasjonal telefonkode +1-246
Nasjonale toppdomene .bb


Barbados er ein øystat aust i det karibiske havet og vest i Atlanterhavet. Det er ein del av dei små Antillane og har statane Saint Lucia og Saint Vincent og Grenadinane som nærmaste naboar.

Kart over Barbados
Kart over Barbados

Øya er hovudsakleg bygd opp av korall og kalkstein. Ho er 430 km² i utstrekking, hovudsakleg flat, men med høgare område i innlandet. Barbados ligg 13º nord for ekvator og har ein lengdegrad på 59º vest. Klimaet er tropisk med konstante passatvindar. Det finst nokre myrer og mangroveområde her, i tillegg til store menneskeskapte sukkerrøyrplantasjar.

Landet har ein av dei høgaste levestandardane i verda og blir av SN rekna som det framste utviklingslandet i verda. Det er eit av dei tettast folkesette i verda, og peikar seg òg ut gjennom særs høg lesedugskap blant innbyggjarane.

Namnet Barbados kjem frå den portugisiske oppdagaren Pedro Campos, som i 1536 kalla øya Os Barbados, 'dei skjeggete', etter fikentrea med luftrøter som vaks der.

[endre] Historie

Dei første som kom til øya var nomadar frå Sør-Amerika. Dei første kom rundt år 350. Rundt 800 kom arawakar til, som ifølge arawakar på andre øyar skal ha kalt denne Ichirouganaim. Karibar steig i land på øya på 1200-talet og fortrengde dei tidlegare innbyggjarane. Desse blei i sin tur jaga eller fanga av spanske conquistadorar som brukte dei som slavar. Då britar kom for å busetta seg på øya i 1627 var ho aude.

Britane laga plantasjar som dei dreiv med slavearbeid til dette blei forbode i 1834. Gradvise sosiale og politiske reformar i 1940- og 1950-år førte til sjølvstende frå Storbritannia i 1966.

[endre] Økonomi

I dag framstiller Barbados seg, og blir sett på som, eit ferieparadis.
I dag framstiller Barbados seg, og blir sett på som, eit ferieparadis.

Historisk har produksjon av sukker, melasse og rom vore berebjelkane i økonomien. Men turisme har blitt stadig viktigare for øya, og i 1990-åra blei denne og produksjonsindustrien viktigare enn sukkerindustrien.

[endre] Peikar ut

Commons har multimedia som gjeld: Barbados


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -