Myr
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Myr er ei nemning på eit fuktig område eller ei blautmark (våtmark) som stort sett er dekka av torv (meir eller mindre nedbrote organisk materiale).
Innhaldsliste |
[endre] Økologi
Myr vert danna på stadar som har eit overskot på vatn. Dette omfattar med plasser med god vasstilgong (som sigevatn, høg nedbør), plassar med lite fordamping (stadar med kaldt vêr og lite sol) og stadar med dårleg drenering. Her er tilgongen på oksygen særs litan, og daudt plantemateriale vert brote ned særs sakte. Når dette hopar seg opp dannast det torv.
[endre] Ulike slag myrar
Myr vert danna på to måtar. Dei som kjem når fast mark vert forsumpa vert omtala som forsumpingsmyrer, og dei som kjem når ope vatn gror att vert kalla attvaksingsmyrer
Ein kan òg klassifisera dei etter tilgong på næring:
- Regnvass-myr (ombrogen myr) får berre næring frå nedbøren. Dette har få mineral, og førar til at regnvassmyrer er særs "fattige", både på næringsstoff og vegetasjonsmangfald. Sidan slike myrer ofte hevar seg over grunnvasspegelen og omliggande terreng, vert dei stundom kalla høgmyrer.
- Jordvass-myr (minerogen myr) får næringstilgang både frå nedbør og gjennom grunnvatnet, og etter næringstilgangen vert igjen delt i rik-myr, intermediær-myr og fattig-myr. Fattig-myr har gjerne mykje gras i tillegg til plantar som òg finst på regnvass-myr, medan rik-myr har meir variert vegetasjon der også krevjande plantar som tettegras, jåblom og fleire ulike orkidear inngår. Intermediær-myr er ein mellomting.
[endre] Topografisk myrstruktur
Tuer er område som ligg høgare enn andre område i myra. Her kan vegetasjonen stundom mista kontakt med grunnvatnet. Her trivst m.a. lyng, rund soldogg, molte, krekling, heigråmose og ymse torvmoser.
Fastmatter har relativt tettvaksne feltsjikt med artar som storr, bjønnskjegg, torvull, rome, blåtopp og smal soldogg, og velutvikla botnsjikt som ofte består av ulike moser, ofte torvmose. Dei ligg ikkje like høgt som tuene, men er stort sett like trygge å ferdast på.
Mjukmatter er konstant fuktige, og kan vera farlege å ferdast på. Desse gjev etter ved tråkk. Botnsjiktet her er meir velutvikla enn feltsjiktet, og består av torvmoser. Nokre vanlege feltsjikt-artar er t.d. dystorr, kvitmyrak, dikesoldogg og sivblom.
Lausbotn er område som ein særs lett søkk ned i. Her er feltsjiktet glissent (artar som dikesoldogg, blærerot, bukkeblad og somme storr-artar dukkar opp) og botnsjiktet manglar. Torva her er open og oksydert.
[endre] Myr og samfunn
Eit myrlandskap eignar seg dårleg til landbruk utan tiltak for å auka avrenninga av vatn. Til dømes Det norske myrselskap arbeidde mykje med oppdyrking av myrlandskap, i tillegg til produksjon av brenntorv og torvstrø. Ei myr kan dyrkast opp ved graving av grøfter der ein legg ned vassrøyr. Andre måtar kan vera å grava ein kanal der vatnet kan renna. Etter kvart har det vorte meir fokus på å ta vare på myrlandskap som ein særeigen landskapstype.
Ei myr kan innehalda myrmalm, og kan nyttast til ved jarnvinne.
[endre] Bevaring i myr
Torvmosar lagar eit antiseptisk stoff, sfagnol, som gjer at torva kan halde seg utan å råtna i lang tid. Også anna organisk materiale som er senka i myra kan halda seg. Det er i flere land funne vel bevarte lik som har lege i myr i fleire hundre år. Ein har også brukt dei som lagringsplass av matvarer, som myrmjølk.
[endre] Sjå òg
[endre] Bakgrunnsstoff
- Våtmark og myr - dei mest truga naturtypane våre (Nettverk for miljølære)
- Paus, Aage m.fl: Feltkompendium i botanikk, Universitetet i Bergen 2007